Elevrådet har eit styre, som har jamlege møte med rektor.
Elevrådetstyret set sjølve opp saklister og arrangerer elevrådsmøter
Meir om det å vere tillitsvald
I starten av skuleåret skal kvar klasse velje ein tillitsvald for klassen. Det er også lurt å velje ein som kan vere vara for denne.
Den tillitsvalde skal leie klassen når ein får klassens time av kontaktlærar.
Klassens time brukar ein til å drøfte saker som klassen er opptatt av og som klassen ynskjer å gjere noko med. Klassen kan også ha fått saker frå elevrådet. På det viset så får ein fram heile klassen si meining.
Det klassen har kome fram til kan den tillitsvalde legge fram for kontaktlærar viss det handlar om klassemiljø, eller ev faglærar om det handlar om eit bestemt fag. Eller, viss det handlar om saker som kan gjelde heile skulen, så tar den tillitsvalde med seg klassen sine innspel til elevrådet.
Å delta i elevrådet:
Den tillitsvalde har møterett i elevrådet. Elevrådet består av ein tillitsvald frå kvar klasse.
Elevrådet drøftar og kjem med innspel kring saker som gjeld heile skulen.
Elevrådet har eit styre som består av elevrådsleiar, nestleiar, sekretær og eitt eller to styremedlemmer. Det er elevrådsleiaren som leiar møta i elevrådet.
Rektor kjem med innspel til saker, og mottar og får innspel kring sakene via elevrådsleiar eller via møte med styret i elevrådet.
Mengda saker avgjer kor ofte elevrådet har møte, men det er anbefalt å møtast ca ein gong pr månad.
Å delta i Skuleutvalet (SU)
Elevrådet vel representantar til Skuleutvalet (SU)
Saker som elevrådet meinar ein bør gjere noko med, skal som regel handsamast i SU
Skuleutvalet (SU) består av eit fleirtal med elevar, rektor, helsesjukepleiar, ein politiker frå fylket og tilsette sin representant. Ein av elevane vert valt til leiar av SU. Leiar av SU og rektor samhandlar om saklista
Skuleutvalet (SU) har eiga side som du finn her
Døme på saker som elevrådet og SU kan handsame:
- Drøfte og komme med innspel kring resultata frå Elevundersøkinga
- Bruk av skulen sitt ustyr
- Skulemiljøet
- Solidaritetsaksjonen vår til støtte for prosjektet i Ghana
- Kantinetilbodet
- Dei lokale skulereglane
- Informasjon som elevane får om skulen og det arbeidet som skulen gjer
- Elevdeltaking i prosjekt og aktivitetar som representantar for skulen
- Aktivitetar for elevar
- Finne representantar til komitear, grupper internt
- Elles alt som elevar eller ein klasse meiner at ein bør drøfte med dei andre elevane på skulen