Skulen har pr no 5 avdelingar, om lag 190 elevar og ca 50 tilsette. Me tilbyr desse utdanningsprogramma:
- Elektro og datateknologi [EL]
- Helse- og oppvekst [HO]
- Teknologi og industrifag [TIF]
- Studiespesialisering [STS] og Påbygg til generell studiekompetanse [PB]
- Tilrettelagt opplæring [TO]
Me er ein tydeleg regionskule i Vest-Telemark, og me jobbar saman med offentleg og privat sektor for å kunne tilby dei faga og den utdanninga som regionen treng.
Skulen sin visjon er : Alle kan! - Me hjelper deg fram. Den seier mykje om korleis me ser på elevane som eit einskildmenneske som skal få utvikle seg i si, unike retning.
Historikk
Skulen har vore gjennom mange endringar og vi er ein skule med lang historie og samstundes lange tradisjonar.
Vest-Telemark vidaregåande skule (før Dalen vgs.) var den fyrste vidaregåande skulen som den nye Fylkeskommunen etablerte, og den starta i 1977 som ein kombinert skule med både teoretiske og praktiske liner.
Skulebygget og skulen på Dalen
Dei 4 fyrste åra leigde vi lokale av Tokke kommune og var spreidd rundt om i fleire bygg. I 1981 flytta vi inn i nytt skulebygg. Det ligg ved sidan av Tokke skule og idrettsplassen - og mellom elva og eit vakkert gamalt gardstun; Moen.
Skuleanlegget er teikna av firmaet Arkidè, og er eit bygg som kombinerer moderne, opne løysingar med tradisjonelle kraftige trekonstruksjonar, store glasflater og skrå tak. Bygget, som kosta 24 millionar, har store og små klasserom og ein del for praktiske fag, alt på eitt plan, 4700 kvadratmeter. Tre atrium med grøntanlegg, kunst og trivelege sitjeplassar gir også lys og trivsel til romma og dei store korridorane. Her finn ein bord og benkar utanfor klasseromma, og dei er eit alternativ til den store kantina. Veggane er smykka med kunst . Mykje kom i samband med opninga av skulen, og vi har òg fått mange kunstverk gjennom åra.
Seinare har skulen blitt utbygd med ny verkstadfløy. Tokke kommune bygde idrettshall i tilknyting til skulen, seinare også nytt kulturhus. Alle undervisningsrom er godt vedlikehaldne og har alt naudsynt elektronisk utstyr. Vi har gjennom mange år hatt glede av eit skuleanlegg som har vore både funksjonelt og vakkert, og difor svært triveleg å arbeide i for elevane og personalet. Likevel har både me sjølve og dei som styrer oss sett at det har vore rom for fornying. Det har dei siste åra ført til oppgradering og rehablitering. Me har fått nytt rom for helsesjukepleiar, og ny garderobe for jentene på TEK. Toaletta har fått eit stort lyft, og Ikkje minst; fellesareala, - og særskilt kantina, har fått eit stort lyft.Alle felles soner er oppgradert med moderne stil, fargar og møblar.
Skuletilboda våre fram gjennom 1980-åra
Skuletilbodet vårt i starten i 1977, var 2-årige grunnkurs på handel- og kontor og på maskin- og mekanikarlina. Så kom det same grunnkurset for helse- og sosialfaglina. I 1979 starta 3-årig utdanning i allmennfag, med språkline og naturfagline.
Det var stor etterspurnad etter mekanikarar, både på dei mindre verksemdene i Vest-Telemark og i industrien i Grenland. Seinare på 1980-talet fekk vi difor vidaregåande kurs Landbruksmekanikk VK I og II, der elevane gjekk ut med både vitnemål og fagbrev.
I kraftkommunane her i Vest-Telemark, og på grunn av den rivande elektroniske utviklinga, vart det auka interesse og behov for arbeidskraft innan elektrofag, og dermed fekk skulen og her eit grunnkurs.
Fleire i regionen ønskte utdanning innan kontor og omsorgsyrka, der det var arbeid å få. Skulen utvida tilboda på handel- og kontorlina til VK I-kurs innan økonomi og rekneskap. I samarbeid med Foldsæ landbruksskule hadde vi og kurs i landbruksrekneskap, som blei vidareført her då Foldsæ blei nedlagt.
Konklusjonen er at i 1980-åra fekk vi dei grunnleggjande skuletilboda som var i pakt med ønskja frå kommunane og næringslivet i regionen vår, og samstundes var det dei linene som dei fleste unge og utdanningssøkjande også ynskte.
Reform 94 og utviklinga i 1990-åra
Reform 94 medførte ny organisering og nye fag i den vidaregåande skulen, samstundes som ein også skulle ta betre hand om elevar med ulike føresetnader. Etter VK I-kursa skulle elevane på dei praktiske linene fullføre opplæringa si som lærlingar ute i arbeidslivet.
Utfordringa vår blei nå å få enda betre kontakt med bedriftene og helseinstitusjonar for å gje arbeidspraksis og lærlingplassar.
Kunnskapsløftet
Med kunnskapsløftet vart alle dei yrkesfaglege retningane til utdanningsprogram, og kursa vart programområde. Me beheld dei same utdanningsprogramma, mens ein del av programområda har endra namn og har fått noko anna innhald. Nytt med kunnskapsløftet var at dei aller fleste yrkesfaglege utdanningsprogramma fekk løysinga med to år i skule (VG1 og VG2) og to år i lære før fagbrev.
Mekaniske fag (No: Teknikk og industriell produksjon -TIP):
Skulen etablerte mange samarbeidsavtaler, slik at dei aller fleste elevane fekk prøve seg i arbeidslivet.
Vi fekk ein eigen lærlingkoordinator som hadde heile Vest-Telemark som arbeidsfelt, og han skaffa lærlingplassar. Sidan det var vanskeleg å få allsidig nok utdanning for lærlingar innan landbruksmekanikk på dei små verksemdene i distriktet, fekk vi VK II- kurs, med avsluttande fagprøve på skulen.
I tillegg fekk vi VK I-kurs Skipsbygging og VK I Kjøretøy.
Etter kunnskapsløftet har vi variert mellom ein og to klassar på VG1, og med Vest-Telemarkmodellen har vi på VG2 tibydd dei tre programområda; Industrimekaniker, Kjøretøy og Arbeidsmaskiner.
Helse- og sosialfag (No: Helse- og oppvekstfag)
Her fekk vi VK I-kurs Omsorgsarbeidar, og parallelt kom det Hjelpepleiarkurs på Ressurssenteret vårt. Etter kvart vart Omsorgsarbeiderfaget bytt ut med Hjelpepleiarutdanninga, og me hadde i fleire år VK1 og VK2 Hjelpepleiar. Med Kunnskapsløftet vart Omsorgsarbeider og Hjelpepleiar slegne saman til VG2 Helsefagarbeider. Ved hjelp av Vest-Telemarkmodellen fekk me også ein kombinasjon saman med programområdet VG2 Barne- og ungdomsarbeider.
Allmenne fag (No: Studiespesialisering)
Fagtilbodet har blitt større og vi fekk fordjuping i samfunnsfaga. I dag har vi full fordjuping på VG2 og VG3 både innan Realfag og Språk/samfunn.
Vest-Telemark Ressurssenter og vaksenopplæring
I 1989 blei Kommunaldepartementet og Kyrkje-utdannings- og forskningsdepartementet einige om eit felles prosjekt for samarbeid mellom vidaregåande skular og lokalt næringsliv. Prosjektet fekk namnet Ressurs- og utviklingstiltak, forkorta RESULT. Det skulle gå over 2 år på 14 stader over heile landet. Skulen vår fekk etter søknad tildela prosjektet i Telemark. Dette innebar ein prosjektleiar på skulen og økonomiske ressursar til drifta. Målsetjinga var å utvikle samarbeidet mellom skulen, fagopplæringa, det lokale næringslivet, arbeidsmarknadsetaten og kommunane.
Av tiltak som blei sett i gang, kan nemnast:
Dataopplæring, ulike AMO-kurs t.d. innan TV-media, helse/miljø, reiselivsprosjekt, sveising og lafting. I tillegg vart mange nasjonale og internasjonale prosjekt leia frå ressurssenteret. Resultata var gode både med omsyn til samarbeid, utvikling og økonomi. Det blei ei eiga avdeling på skulen som har fekk namnet Vest-Telemark Ressurssenter.
Målet var å stadig utvikle nye kurs og tilbod. Endra målsettingar og finansieringsorningar gjer at vi i dag har hovuddrifta retta mot snoskuteropplæring, og ikkje har den same aktiviteten som tidlegare.
Då dei kombinerte grunnkursa blei borte med R 94, auka interessa for vaksenopplæring i allmennfaga. Mange ynskte studiekompetanse for å bli t.d ingeniør, journalist, sjukepleiar, lærar, sosionom eller få eit anna høgskulestudium som var relevant for behova i regionen. Fleire tok fag i dei ordinære klassene, dersom det var plass. Skulen hadde kvart år kveldsundervisning i to allmennfag etter ein fast plan, slik at ein fekk studiekompetanse. Vi har og hatt vaksenopplæring i praktiske fag som lafting og sveising. Vanlegvis er det ressurssenteret som har tatt seg av vaksenopplæringa både på kveldstid og dagtid.
Studiekompetansebehovet er i dag dekka av VG3 og VG4 påbygging til generell studiekompetanse.
Ressurssenteret vårt har ført heile samfunnet inn i skulen, og vi har blitt ein møteplass for vaksenopplæring, IKT-utvikling, samarbeid med næringslivet og kommunane innan miljø, språk, kultur og reiseliv for å nemne nokre område. Det er difor eit ynskje å kunne revitalisere også dennen delen av drifta. Særskilt fordi Fullføringsreforma og ny opplæringslov på nytt set fokus på kompetanseutvikling for vaksne. Skulen jobbar i dag med å kunne tilby modulstrulturert utdanning innan helsearbeiderfaget, og me håpar å kunne tilby dette frå hausten 2025.
Seljord:
Skulen tok frå 1. januar 2014 over det administrative ansvaret for den vidaregåande skulen i Seljord. Tyngda av opplæring låg der på Restaurant og matfag, og Media og kommunikasjon. Låge elevtal gjorde at ein valde å gradvis avvkile skuledrifta, og skuleåret 2021-22 hadde avdelinga berre nokre få elevar med opplæring i mindre gruppe. Skuleavdelinga i Seljord vart lag ned hausten 2022. Fylkeskommunen har samstundes etablert fylkeskommunale arbeidsplassar i det nyaste bygget, mens resten står tomt.
Organisasjonsutvikling
Skulen er i stadig endring, både internt, med bakgrunn i vedtak frå Vestfold og Telemark fylkeskommune og med dei føringar som Utdanningsdepartementet gir oss. Uansett er hovudutfordringa heile tida å ta vare på alle elevane våre, ved å gi dei ei god fagleg og tilpassa opplæring tilpassa samfunnet rundt oss. Samstundes skal me legge til rette for at elevane trivast og utviklar seg til harmoniske menneske. Dette er målsetjingane i fagfornyinga som vi arbeider etter,og særskilt med vekt på ny Overordna del for opplæringa.
Utover i 1990-åra var målstyring det berande prinsippet i fylkeskommunen. Verksemdene fekk disponere ressursane friare, og dei fekk meir handlefridom, men også meir ansvar. På veg inn i 2000-talet hadde vi starta med ny leiarstruktur, for å få til ein organisasjon som var betre tilpassa dei nye oppgåvene i skulen. Ein skulle redusere sentraladministrasjonen, og fleire oppgåver blei overført til den einskilde arbeidsplass. Skulen blei oppdelt i avdelingar og med eit felles tenesteapparat: administrativ og pedagogisk stab.
Ved overgangen til 2020 blei dei to fylka Telemark og Vestfold slegne saman. Skulen oppretthelt sin struktur, men fylkesadministrasjonen blei større, meir spesialisert, og opererete frå to hovudsete; Skien og Tønsberg. Dette førte til noko lengre avstand til dei som styrte, men samstundes gjorde ny teknologi det lettare å møtast digitalt. Ved overgangen til 2024 vart Vestfold og Telemark delt i to fylke att, og pr no er ein tilbake til strukturen før fylkessamanslåinga.
Elevane står uansett i fokus. God læring er basert på tett og konkret samhandling med faglærar. Kvar elev har sin kontaktlærar som følgjer opp planar og progresjon. Elevsamtaler, fagsamtaler og samhandling med føresette er framleis kjernen i arbeidet vårt. Som ein distriktskule er vi i synergi med regionen, og samhandling om felles mål er essensielt. Den vidaregåande skulen skal stette regionen sitt behov, og me opplever stor støtte frå regionen vår, både fagleg og politisk.