"Viktige år" - bok om Bø vgs

Bilde av Gunnar Brekke Amundsen og Margit Ims
Foto: Guttorm Bringa

Publisert:

16.08.2023

Oppdatert:

16.08.2023 kl.14:30

Endeleg er boka om Bø vgs si 100-årige historie eit faktum! Boka er forfatta av Margit Ims og Gunnar Brekke Amundsen, som begge har tilknytning til skulen.

Det har teke rundt 5 år å skrive boka, og det er samla mange historiar og bilde mellom permane som er kalla "Viktige år". Boka lanserast torsdag 17. august på Brage Bok i Bø, men tidlegare i veka var det presentasjon av boka for dei tilsette ved Margit og Gunnar på Bø vidaregåande skule.

Forfattarane blei takka av rektor for godt utført arbeid, og heldt eit morosamt kåseri om den hundreårige historia til skulen.

Brage Bok Bø i Bøgata (tidlegare Akademika) er einedistributør av boka som er i handelen frå og med fredag 18. august 2023.

Slik ser boka ut