Kunngjer kontrakt for sikring

En av de krappe svingene i Eidsborgkleivane, bildet viser svingen
Den siste delen av Eidsborgkleivane skal no sikrast. Foto: Tor Arvid Austråt Gundersen

Av:

Tor Arvid Austråt Gundersen

Publisert:

15.01.2026

Oppdatert:

15.01.2026 kl.16:10

Konkurransen om kven som skal sikre Eidsborgkleivane på Dalen startar i dag.

Fylkesveg 450 i Eidsborgberget har allereie vorte omfattande sikra, no skal vi i gang med den siste etappen av sikringsarbeidet. Konkurransen om kva entreprenør som skal få oppdraget startar i dag med innleveringsfrist 16. februar.

Byggje om sving

I 2024 vart vegen sikra for eit stort millionbeløp, tidlegare har to av svingane vorte sikra i eigne prosjekt.  I arbeidet som skal utførast no ligg det også ei stor omlegging av ein av svingane.  Dette gjeld «Nedre Snippesvingen». Her skal vegen flyttast om lag tjue meter inn i fjellet på oversida.

- Skjeringa vil bli opp til 25 meter, derfor vil ho bli sprengd i fleire pallar slik at det blir tre «trappetrinn», opplyser prosjektleiar John Kleiv i Telemark fylkeskommune.

Komplisert arbeid

Arbeidet som skal gjerast er komplisert og i veldig bratt terreng.  Langs heile strekninga der det ikkje vart uført arbeid i fase 1, vil terrenget no reinskast og rydda der det er behov. Sjå  her for meir om prosjektet.

I tillegg til utvidinga av ein sving, vil det også bli festet mange lange boltar i fjellet for å sikre mot at stein fell ned. Det vil også bli sett opp både sikringsgjerde og nett. Alt dette krev at det blir bora i fjellet. 

Fordi terrenget er bratt og vegen trong, er det heilt nødvendig å stengje vegen heilt for trafikk i periodar.  Den første perioden blir frå midt i april og ut mai. I Sommerferien vil det vere ope.

Ferdig før jul

- Arbeidet vil halde på til desember, men vi skal i størst mogleg grad ha vegen open til bestemde klokkeslett morgon og kveld, bortsett frå dei periodane han blir heilt stengt, seier prosjektleiar  John Kleiv i Telemark fylkeskommune.

For entreprenørane vil det bli ein tilbodskonferanse 27. januar.

 

Stengjetider:

Generelt i heile perioden arbeidet går føre seg skal det vere ope måndag til fredag 14.30-16.00 og frå klokka 20.00 – 08.30.  Fredag 14.30 til måndag klokka 0830 skal det vere ope for trafikk.

Frå 13. april til 29. mai kan vegen stengjast heilt for all trafikk i samband med arbeid som krev stenging.

I vekene 28, 29, 30 og 31. skal det vere ope for ferietrafikk.

I samband med Dyrsku’n skal vegen fære open frå torsdag 10. september klokka 14.30 til måndag 14. september klokka 0830.

 


Emneord:

Samferdsel