Skal kåre beste ungdomsbok

Mange ungdommar er med på bilde, og dei har bøker i hendene. Dei er med på å kåre beste ungdomsbok i 2026.
9c ved Bø ungdomsskule har hatt ein intens lesehaust. Dei har i alt lese 15 bøker og skrive bokmeldingar. I mai får kritikarklassa vite kven som får Uprisen 2026. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

17.12.2025

Oppdatert:

18.12.2025 kl.15:22

Som kritikarklasse til Uprisen 2026 må ein lese bøker, derfor har 9c i Bø pløgd gjennom 15 bøker i haust.

Det er førjulsstemning i klasserommet til 9c, for to mødrer har kome på besøk med ein stor kjele med jolegraut. Det er også avslutning på den store leseinnsatsen elevane har gjort som kritikarklasse for Uprisen 2026. 15 skjønnlitterære ungdomsbøker er lesne og vurdert.  

Les meir om Uprisen hjå Stiftelsen Lese Uprisen

- Greip meg med ein gong

- Sytten, snart atten syns eg var veldig bra. Den greip meg liksom med ein gong, seier Ane Momrak Langkås om boka til forfattaren Andrea Rudland Haave. Ho får bekreftande nikk frå klassevenninna Linnea Aaland. Gutane rundt bordet har lese Jævla hetero av Kim Torrejas. 

- I boka blir liksom situasjonen snudd på hovudet; alle i gjengen er homofile, med unntak av ein. Dermed kjenner han seg på utsida, forklarar Kristian Stadskleiv Forberg. 

Ungdommane må innrømme at dei ikkje les bøker så ofte, men Aws Alzouabi seier han også les litt heime, på eige initiativ. 

Likevel; klassa syns det har vore så kjekt å vere med som kritikarar, og dei syns neste års 9. trinnselevar burde vere med. 

Kritikar_godbok.jpg
Den heilt ferske Du eneste, historien om Gunvor Hofmo og Ruth Maier av Hilde Hagerup har Sofie Nansen Løberg lese. - Den var god, men veldig trist, seier ho.  

Passa inn i lesesatsinga

Det er Mari Honningdal frå Telemark fylkesbibliotek som har engasjert klassa ved Bø ungdomskule til å vere kritikarklasse. Denne førjulsdagen kjem ho for å takke elevane for innsatsen og har med ei bokpakke. Læraren til 9c, Lillian Hetlelid Kastmann, seier opplegget har vore kjærkome. 

- Trinnet kom litt for dårleg ut på lesing på nasjonale prøver i fjor, så vi var alt i gang med ein leseinnsats. Vi kasta oss på tilbodet om å vere kritikarklasse – det passa godt inn i det me alt hadde planlagd, seier ho.

 

«Trinnet kom litt for dårleg ut på lesing på nasjonale prøver i fjor, så vi var alt i gang med ein leseinnsats»

- Lillian Hetlelid Kastmann

 

 

Lesesiesta og lesekvarten

- Me har lesesiesta i starten av kvar norsktime. Det vil seie at elevane les 15-20 minutt, etterpå skriv dei eit samandrag eller loggfører det dei har lese. Me passar på at dei ikkje har PC eller telefon på pulten mens dei les, og elevane seier at dei hugsar betre når dei må skrive om det dei har lese, fortel læraren.  

På nyåret skal Bø-elevane starte med lesekvarten. Det vil seie at dei startar skuledagen med eit kvarter lesing. 

Her kan du lese om lesekvarten.

Men dei siste vekene er det altså ungdomsbøker som har vore på timeplanen. 36 ungdomsbøker er med i kampen om Uprisen, elevane i Bø har vald blant 15 titlar. 

- Elevane har sjølve vald kva bok dei vil lese. Dei som har vald same tittel, har diskutert boka og skrive bokmelding, fortel Kastmann. 

Kritikarklassa2.JPG
Jentene Linnea Aaland og Ane Momrak Langkås likte boka Sytten snart atten, mens gutane Kristian Stadskleiv Forberg, Aws Alzouabi og Sondre Haugan Forberg syns Jævla Hetero var ganske bra. 

 

Fem av 36 til finalen

Bokmeldingane blir vurdert av ein nominasjonsjury som er sett saman av fem ungdommar. Dei skal lese alle anmeldelsane - omkring 1 000, og utfrå dei finne ut kva for fem bøker som fortener å kome til finalen. 

I alt er kring 1 000 ungdommar i heile landet engasjert med Uprisen. I Telemark er det 9c ved Bø ungdomsskule og 9b ved Gulset ungdomsskole som er sett på saka. Bø-ungdommane er kritikarklasse, medan Gulset-elevane er juryklasse. 

- Gulset ungdomskule får jobben med å lese dei fem bøkene som kjem til finalen, fortel Honningdal. I starten av juni blir vinnaren kåra under Komma, visningsarena for litteratur, som blir arrangert i samband med Norsk litteraturfestival på Lillehammer. 

Klassa frå Gulset skal vere med på kåringa på Lillehammer. 

Kritikarklassa6.JPG
Mari Honningdal frå Telemark fylkesbibliotek takka Bø-elevane for innsatsen med lesing og bokmeldingar. Lærar Lillian Hetlelid Kastman ser ikkje bort frå at dei kastar seg på opplegget ein gong til. 

Skaper leselyst

- Det å vere med som kritikar- eller juryklasse, er ein inngangbillett til å skape leselyst. Me håpar skular melder seg til neste års kåring av Uprisen også, seier rådgivaren frå fylkeskommunen. 

På denboka.no kan du sjå alle bøkene som er nominert Uprisen 2026.

Her kan ein også lese bokmeldingar skrive av ungdommar. 


Emneord:

Fylkesbibliotek