Fv. 3320 og fv. 3324 Fjågesund og Omnes

Fylkesvegane ved Omnestunnelen på fv. 3320 og Fjågesundtunnelen på fv. 3324 blir sikra. Det gamle rasoverbygget er no historie
Bildet viser det gamle rasoverbygget som nå er revet. Bygget på bildet er i tre og har skrått tak.
Foto: Tor Arvid Austråt Gundersen

Målet med arbeidet er både å gjere vegen tryggare for trafikantane, men også redusere talet på stengingar på grunn av skred og  fare for skred.  Nordenden av Fjågesundtunnelen har allereie fått ny portal. Betongkonstruksjonen her er rundt 15 meter lang.  Her står litt att arbeid mellom anna med ein membran, dette vil bli gjort når det blir varmare i vêret til våren.

Omnestunnelen får ny portal

 

Omnestunnelen

Ved Omnestunnelen er det den vestre tunnelportalen som skal byggjast.  Som ved Fjågesund vart det også reinska opp i terrenget over portalen.  Her vart det i byrjinga av februar teke ned to store steinblokker.

- Den minste reknar vi til 15-20 tonn stor, den tok vi ned med luftpute, fortel byggjeleiar Bjørn-Egil Strandskogen i Telemark fylkeskommune. 

 Den andre steinblokka var mykje større, om lag 120 tonn.  Her måtte det dynamitt til for å få henne ned.  Begge steinane landa i vegen slik det var berekna.  Derfor var det også lagt ut ei pute med knust stein for at vegen ikkje skulle bli øydelagd.

 

Ikonisk bygg

Det gamle Fjågesund rasoverbygg har tenestegjort så lenge at det nesten har vorte ikonisk for dei som ferdast langs denne vegen.   Bygget var i tre og er no rive. I fjor vart store delar av fundamenteringa til det nye bygget unnagjort.  Det nye bygget vil bli  over 30 meter lengre enn det gamle. Det vil også bli mykje kraftigare for betre å tole nedfall frå fjellsida.

Taket blir bygd av tjukke betongplater som blir monterte på skrå med om lag 10 prosent helling.  På toppen av betongen vil det i tillegg bli laga ei tjukk bufferpute av jord og stein, slik at stein som fell ned får dempa farten stort og samtidig blir leidd ut i vatnet.

Det nye bygget blir 30 meter lenger.

 

Bratt terreng

Terrenget der det blir bygd er slik at det er umogleg å byggje omkøyringsveg.  Sjølve fylkesvegen er bygd på ei smale stripe der det på den eine sida går steilt opp fjellet medan det på motsett side går rett i vatnet.  Derfor vil det medan bygginga går føre seg, bli nødvendig å stengje vegen i periodar. 

Oppdatert: 16.02.2026 kl.10:17

Fakta

Rasoverbygg:  Erstattar gammal + 30 meter

Fjågesundtunnelen: Portal 15 meter i nordenden

Omnestunnelen: Portal 15 meter i vestenden

Kommunar: Kviteseid og Nome

Byggjestart: 2025

Ferdig: Desember 2026

Prosjektleiar Anne Refsdal

 Tlf  97 74 17 97

E-post: anne.refsdal@telemarkfylke.no

Byggjeleiar:

  Bjørn Egil Strandskogen

Tlf. 91 32 17 57

E-post: bjorn.egil.strandskogen@telemarkfylke.no

 

Kommunikasjonsrådgivar:

Tor Arvid Austråt Gundersen

 Tlf 97 07 96 28

E-post: tor.arvid.gundersen@telemarkfylke.no

 

 

 

 

 

Flere saker om Fv. 3320 Omnestunnelen og Fv. 3324 Fjågesundtunnelen