Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?

Kommunar må i mange saker innhente uttale og fråsegn frå fylkeskommunen før dei kan gjere vedtak. Når det gjeld kulturminne og kulturmiljø har fylkeskommunen eit eige forvaltningsansvar etter kulturminnelova. Her følgjer ein oversikt over kva saker kommuner skal, og ikkje skal, sende over til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen har ansvar for å vurdere og gje fråsegn til tiltak på kulturmiljø som gjeld:

  • automatisk freda kulturminne og kulturmiljø
  • freda bygningar/bygningsmiljø og kulturminne. Eigarar må søke om dispensasjon til tiltak - informasjon ligg på denne sida.
  • kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi

Saker skal sendast til post@telemarkfylke.no om ikkje anna er avtala. 

Saker som SKAL sendast til fylkeskommunen

Arealplanar

  • Kommuneplanar, kommunedelplanar, områdereguleringsplanar og detaljreguleringsplanar: Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planforslag, samt vedteken plan.
  • Konsekvensutgreiingar: Planprogram, melding med forslag til utgreiingsprogram, fastsett utgreiingsprogram og sjølve konsekvensutgreiinga.
  • Dispensasjonssøknader i saker knytt til plan- og bygningslova. 

Landbrukssaker

Energi- og vassdragssaker

  • Søknader om kraftutbygging: vindkraft, vasskraftverk, solcellepark, vindmøllepark, kraftliner, trafostasjonar mm. 

Tiltak og automatisk frede kulturminne

  • Byggesaker og andre tiltak som gjeld automatisk freda kulturminne, det vil seie arkeologiske kulturminne eldre enn 1537, og/eller der det er potensial for ytterlegare funn (kulturminneloven § 4).
  • Alle tiltak i mellomalderbyen Skien som medfører inngrep i bakken.
  • Alle tiltak på kyrkjegardar og gravminne frå mellomalder (jf. rundskriv Q-06/2020). 
  • Førespurnader om registrering av automatisk freda kulturminne.
  • Skjøtselsplanar og tilretteleggingsprosjekt for automatisk freda kulturminne.
  • Tiltak i umiddelbar nærleik til freda bygningar.
  • Tiltak og inngrep i sjø og vassdrag.
  • Søknader om fiberutbygging.

Tiltak knytt til freda bygg, og andre byggverk, anlegg og områder av nasjonal eller regional verdi

  • Tiltak på vedtaksfreda kulturminne og kulturmiljø (kulturminneloven §§ 15, 19, 20).
  • Tiltak på forskriftsfreda byggverk og anlegg (kulturminneloven § 22 a).
  • Tiltak på forskriftsfreda kulturminne i statens eige.
  • Byggesaker og andre tiltak som gjeld automatisk freda ståande byggverk frå perioden 1537-1650 (kulturminneloven § 4). Med unntak av kyrkjer eldre enn 1650, som skal handsamast av Riksantikvaren.
  • Tiltak på statens listeførte bygningar og kulturminne prioritert i sektorvise landsverneplanar. Medrekna er prestegarder og fyr. Tiltak på andre kulturminne i statens eige.

Sjå Kirkesøk, Askeladden eller Kulturminnesøk for meir informasjon. 

Kulturmiljø og landskap

  • Søknader og meldingar om tiltak innanfor kulturmiljø og kulturlandskap som er vurdert å vere av nasjonal og/eller regional verdi. Døme på dette er nye driftsbygningar, masseuttak og andre større tiltak i landbruket som er unnateke plankrav etter plan- og bygningslova. 
  • Arealplanar og tiltak innan landskapsvernområde og naturreservat verna etter naturvernlova, for å avklare tilhøvet til automatisk freda kulturminne, andre kulturminne og kulturlandskap. 
Saker som IKKJE SKAL sendast til fylkeskommunen
  • Byggesaker på bygg eldre enn 1850, jamfør kulturminnelova § 25 (sakane blir ikkje svart ut av oss).  
  • Byggesaker etter plan- og bygningslova på verneverdige bygg, inkludert nasjonale kulturmiljø.
  • Bygge- og rivesaker på bygningar av lokal verdi som er yngre enn 1850. 
  • Førespurnader frå private utbyggarar og grunneigarar i samband med rullering av arealdelen i kommuneplanen. Slike førespurnader skal gå til kommunen.
  • Førespurnader frå eigedomsmeklarar, seljarar og kjøparar om planstatus og vernestatus i samband med kjøp og sal av eigedomar.
  • Lokale tilretteleggingsprosjekt og skjøtselsplanar (dette gjeld ikkje for arkeologiske kulturminne, der fylkeskommunen er delegert mynde i samsvar med kulturminnelova).
Saker som skal sendast direkte til Riksantikvaren
  • Tiltak på og i kyrkjer bygd før 1650 (automatisk freda, vernekategori 1), alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 (vernekategori 2). Desse sakane sendast på e-post til postmottak@ra.no. Sjå elles Riksantikvarens heimeside for meir informasjon. 
Saker som skal sendast direkte til Norsk Maritimt Museum
  • Tiltak i 100-meterbeltet i strandsona og tiltak som medfører inngrep i hav-, innsjø-og/eller elvebotn, skal sendast direkte til Norsk Maritimt Museum. 

Søknad om tillatelse til inngrep i kulturminner i vatn, sendast likevel til fylkeskommunen. 

Krav til dokumentasjon i oversendinga til fylkeskommunen

Det er viktig at saker er så godt opplyste at fylkeskommunen kan gjere ei effektiv og god sakshandsaming. Dersom saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, blir ho sendt i retur.

I reguleringsplanar bør det allereie i varsel om oppstart vere med følgjanade opplysningar: 

  • Tydelege kart med stadnamn, gatenamn, gardsnamn, gards- og bruksnummer.
  • Status i kommuneplanen og eventuell vernestatus.
  • Føremålet med planen.
  • Utgreiing av planområdet med landskap, eksisterande busetnad og kjende kulturminne.
  • Førebels vurdering frå kommunen.
  • Namn på tiltakshavar og sakshandsamar i kommunen.
  • Digital kartfil i sosi- eller shape-format som viser planavgrensinga.

Andre tiltak: 

Søknadar knytt til dispensasjon, landbruksvegar, nydyrking m.m. må alltid ha med gardsnamn, gards- og bruksnummer og kart.

Publisert: 21.05.2025 Oppdatert: 21.05.2025 kl.09:08