Foreldremøte med Geir Aker


Publisert:

16.09.2025

Oppdatert:

16.09.2025 kl.13:14

Velkommen til eit spanande foreldremøte!

I samarbeid med Tokke kommune, grunnskulen, psykisk helse og kultur har vi fått Geir Aker, «Fenriken», til å halde eit foredrag for foreldre om temaet livsmeistring.

Dette skjer tysdag 30.september kl. 20.00 og er for føresette til elevar på 8. – 10 klasse og vg1- vg3. Det er dessverre berre høve for ein føresett å delta på foreldremøtet, men Tokke kommune har elles eit ope arrangement onsdag 1.oktober kl. 18.00.

Geir Aker vil også ha forelesing for elevane på dagtid som ein del av programmet for Temaveka (veke 40).

Frist for påmelding er måndag 22.09.

Send påmelding til mail: vesttelemark.vgs@telemarkfylke.no