Solidaritetsprosjekt

Lånt frå Bright Future si Facebookside

Publisert:

15.10.2020

Oppdatert:

08.07.2024 kl.13:08

Elevane ved Vest-Telemark vidaregåande skule har i ei årrekkje hatt ein solidaritetsaksjon (liknande Operasjon Dagsverk) for prosjektet «Bright Future».

imagej318.pngOM BRIGHT FUTURE PREPORATORY SCHOOL (BFPS)

BFPS er ein barnehage i Ajumako Techiman, Central Region, Ghana. Den husar ca 100 born i alderen 1-6 år, med tre vaksne undervisarar, samt ei kokke og ei reingjeringshjelp. Borna betaler ein liten sum kvar dag (ca 65 øre), som dekker varm lunsj og delar av dei tilsette si løn. Litt av dei innsamla midlane frå Vest-Telemark vidaregåande skule går til å støtte dei tilsette si løn, men mykje av det skulen har bidrege med har gått til nye bygningar, brønn og både vedlikehalds- og sikringsarbeid. Mellom anna for to år sidan resulterte solidaritetsaksjonen i tette tak i klasseromma, slik at insekt og reptilar ikkje dett ned på ungane lengre.

imagealeq.pngProsjektet med å bygge og drive barnehagen starta i 2001, då Kristin Hestmann Vinjerui, tidlegare elev ved Vest-Telemark vidaregåande skule, var i landsbyen som voluntør. På den tid held barnehagen til i eit uferdig kyrkjebygg. Det bestod av fire veggar, taket mangla og golvet var av sand. Barnehagen var fullstendig utan leiker. Ein dag i barnehagen bestod i å sitte 60 born klemt inn på nokre trebenkar i fem timar, med munnleg gjennomgang av alfabet, rim, regler, telle til hundre på engelsk,

Vertsfar til Kristin, Mr. Anokye, gav henne ein urydda eigedom mot at ho lova å samle inn pengar til å bygge ein ny barnehage. Dette har ho greidd, mellom anna med dei gode bidraga elevane ved Vest-Telemark vidaregåande har samla inn.

Les meir om prosjektet på Facebook: https://www.facebook.com/brightfuturenorway

KORLEIS JOBBAR ME MED PROSJEKTET?

Elevrådet på Dalen tok ei avgjersle våren 2024 om at elevane skal halde fram med dette også dei kommande 5 åra. 

Skulen gir elevane ein skuledag, slik at dei får jobbe og gi eit dagsverk til inntekt for Bright Future. Summen som elevane skal tene vert fastsett av elevrådet.  Elevane må skaffe seg jobb sjølve, og skriv kontrakt med arbeidsgjevar. Det er frivillig for elevane å delta. Det vert eit opplegg i regi av skulen for dei som heller vil vere på skulen, men det er jo flott for prosjektet at så mange som mogleg deltek.

Datoen for solidaritetsdagen skuleåret 24/25 er 26. november 2024.