Vest-Telemark vidaregåande skule har dei tre siste åra jobba med å setje søkeljos på dysleksi, og har hatt dette som eige prosjekt i utviklingsplanen.
Skulen har kartlagt kva område me er gode på, og kva område me treng å jobbe meir med.
Kor er me i prosjektet?
Nett no er me i ein utprøvings- og kompetansehevingsfase, der me har jobba i tre hovudretningar:
1. Kompetanseheving i personalet ved å nytte det me kallar for "dysleksidrypp". Det vil seie at me nyttar ein liten del (5-15 min) av fellesmøta til å minne om og formidle gode tips og kunnskap om dysleksi, dyslektikeren og metodar for tilpassa opplæring i klasserommet.
2. Å nå fram til elevane med kunnskap om kva det vil seie å ha dysleksi. Med dette oppnår me at elevane kan bli meir medvitne om seg sjølve eller medelevar sine utfordringar om ein har dysleksi. På dette viset håpar me å få meir forståing for dysleksiutfordringar hos medelevar, og om mogleg at elevane sjølve kan bli medvitne om at dei kan ha dysleksiutfordringar, og vite kor dei kan søke hjelp.
3. Å gje pedagogane verktøy for å tilpasse skulekvardagen og opplæringa, slik at også dyslektikarane greier å hengje med og nytte sine styrker til god læring.
Skulen har ei dysleksigruppe
Dysleksigruppa møtast med jamne mellomrom for å analysere no-situasjonen og planlegge kva grep ein skal ta for å komme vidare i arbeidet for å bli endå meir dysleksistøttande.
Til hjelp i dette arbeidet nyttar gruppa to arbeidsreiskapar:
1. Kartlegging og analyse av ståstad - ved hjelp av Forms undersøkingar i pedagoggruppa.
2. Ei liste over område som skulen ynskjer å utvikle seg på. Her har skulen tatt utgangspunkt i teoriar og grep frå Dysleksihåndboka til Åsne Midtbø Aas, og tilpassa desse etter lokale tilhøve.
Dysleksidrypp
I dei før nemnde "dysleksidryppa" har skulen mellom anna jobba med:
- Kva kjenneteiknar dyslektikaren
- Kva er ein dyslektikar sine styrkar?
- Kva er dyskalkuli?
- Tilpassa opplæring og oppmelding til PPT ved mistanke om f.eks. dysleksi
- Døme på dysleksistøttande opplæring
- Repetisjon, analyse og framheving av dei områda me har sett søkeljos på (ny kartlegging)
- Samhandling, for å dele eigen praksis med kvarandre (Metode: dialogduk)
- Presentasjon av framdriftsplanen - kor er me no og kva prioriterar me framover?
Tiltak om dysleksi i høve elevane
Me prøver å nytte oss av ulike informasjonskanalar for å få fram kunnskap og støtte kring dysleksi. Difor laga me våren 23, plakatar som vart laminerte og hengt opp på strategiske stader. Hovudsakleg i klasseromma, men også, - tru det eller ei, - på toaletta. Me la også same informasjon på skulen sine infoskjermar.
Neste steg her er å gå ut med informasjon i sosiale media, og å ha ein ny runde med nye informasjonsplakatar - igjen nytte toaletta og infoskjermar - og i tillegg skulen sin Instagram og Facebook.