Skulen har jobba hardt for å få fornya løyvet for å halde snøskuterkurs.
Stor innsats frå mellom anna ordførar i Tokke, Skafså løypelag og Statkraft, for nemne nokon, har gjort at me 10. april 24 fekk nytt løyve
Media har også trykka på, mellom anna NRK.
Det har tatt tid å bygge opp att logistikk og planar, og å skaffe naudsynt mannskap, så det er gledeleg at me no kan starte påmelding med ein plan for skuteropplæring vinteren 2025.
NB! Statens vegvesen har sommaren 2024 endra forskriftene som handlar om tidspunkt for når ein kan køyre dei ulike delane av kurset. Dette gjer at vi må endre køyreplan for kvart kurs gjennom helga. Dette jobbar vi med akkurat no, og vil komme attende med meir informasjon når planen er klar. Vi beklager dette.
Me har helga 17.-19. januar gjennomført det første kurset, der dei nye forskriftesendringane ikkje var tatt godt nok omsyn til. Dei som deltok på dette kurset er godt informert både frå oss og Statens Vegvesen og me jobbar med å finne ei god løysing for å få godkjent opplæringa i tråd med dei nye forskriftsendringane.
______________________________________________
Gjennomføring av kursa er som oppsett under.
Plan for gjennomføringa:
Fredagar kl. 17.00-20.00
Teori på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen
Laurdagar/sundagar kl. 09.00-18.00
Praktiske øvingar/avsluttande opplæring i godkjent øvingsområde i Skafså.
Det vil bli lunsj m/bål, slik at om du ynskjer noko varmt, ta med dette.
Praktisk informasjon:
- Ta med kopi av gjennomført trafikalt grunnkurs fyrste kurskveld. Har du førarkort, ta dette med.
- Ta med skrivesaker.
- Ta med lærebok. (kan også få kjøpt lærebok på kurset)
- Ta med køyreutstyr. (eigna klede og hjelm)
NB! Snøskuter må ha plass til to personar og krok for slede.
Vi må ta atterhald om snøforhold, du vil evt. bli orientert om det.
Berre for jenter
Vi har eit eige kurs i snøskuteropplæring berre for jenter 31. januar-2. februar.
Dette er ei vidareføring av samarbeidet vi har hatt med "Tak vare på kvarandre, vi har ingen fleire å miste" i Fyresdal:
Kursplan for sesongen 2025
NB! Alle kurs denne vinteren er no fullbooka! Grunna kapasitet/mangel på instruktørar har me pr. no (28.11.24) ikkje høve til å setje opp fleire kurs.
Veke 3 17.-19. januar
Veke 5 31. januar-2. februar
(berre for jenter)
Veke 7 14.-16. februar
Veke 10 7.-9. mars
Veke 12 21.-23. mars
Evt. endringar kan kome, gjennomføring av kurs er mellom anna avhengig av snøforhold.
Dersom enkelte kurs ikkje vert fullbooka, kan me måtte flytte deltakarar til andre kursdagar.
Påmelding kurs/leige av snøskuter
NB! Alle kurs denne vinteren er no fullbooka! Grunna kapasitet/mangel på instruktørar har me pr. no (28.11.24) ikkje høve til å setje opp fleire kurs
Fylg denne linken for påmelding til kurs: https://vesttelemarkvgs.tabs.no/kursoversikt
(klikk i øvste feltet Snøscooter så får du opp alle kursa)
Deltakaravgift: 8500,-
Leige av skuter: 2500,-
Kvart kurs går over 3 dager med totalt 16 elevar.
Dag 1 er fredag kveld med teori for alle 16 elevene.
Dag 2 og 3 er praktisk kjøring laurdag og sundag.
Vi har 3 snøskuterar til utleige som du finn i kursoversikten, ønsker du å leige ein av desse, booker du den i kursoversikten/påmelding for den dagen du skal ha praktisk kjøring (dag 2 i kurset du har meldt deg på).
Dersom alle snøskuterene våre er booka og du ønsker å leige snøscooter kan du kontakte:
Øverland Scooter og Atv AS
Tlf. 97101830
post@scooterogatv.no
eller
Vinje Motorsenter AS
Tlf. 97691202
vegard@vinjemotorsenter.no
Det vil bli sendt eigen faktura på kursavgift/leige av snøskuter.
For meir info
Kontakt Anders Heggard på e-post: anders.heggard@telemarkfylke.no