Studiedagar


Publisert:

05.03.2024

Oppdatert:

30.08.2026 kl.10:12

Alle elevar kan søkje om inntil tre studiedagar i løpet av skuleåret.
 
Bruk skjemaet for studiedagar som du får av kontaktlæraren din eller i resepsjonen.
 
Kontaktlærar kan innvilge søknad for maksimalt 3 elevar same dag.
 
Du må sjølv spørje alle faglærarane dine, som har undervisning den aktuelle dagen, om å godkjenne med signatur. Når/om du har fått godkjenning frå alle, kan du gi søknaden vidare til kontaktlærar som kan innfri eller avslå søknaden.
 
Du kan ikkje søkje om eller ta ut studiedagar etter påske.