Om fråværsreglane

Det kan vere utfordrande å forstå og tolke reglane for fråvær. Her prøver me å klargjere nokre reglar og rutiner som gjeld for vår skule.

Fråværsreglane er heimla i opplæringslova sine forskrifter § 9-8.

Målet med å ha fråværsreglar er: 
  • Motivere eleven til jamn innsats
  • Forhindre skulk
  • Bidra til likebehandling av fråvær, - og gjere det forutsigbart og trygt
  • Førebu på reglar som gjeld i arbeidslivet
  • Bidra til at eleven meistrar livet.

I arbeidslivet har ein eigenmeldingsdagar, og deretter må ein ha sjukmelding frå lækjar. 10%-regelen er elevane sin eigenmeldingsregel, og bør difor nyttast med same utgangspunkt. 

For dei med kronisk sjukdom eller funksjonesnedsetting, er det lurt å skaffe til vegs dokumentasjon for dette. Skulen kan gjere enkeltvedtak som gjeld fråvær ut frå denne.

RUTINE: Kommuneoverlegar/Legekontor i Vest-Telemark har sams praksis:

Denne vert nytta av alle legekontora i Vest-Telemark, når det er nødvendig med dokumentasjon av sjukefråvær: 

  • Eleven ber fastlegen om attest når det er fare for 10% fråvær i eit fag. 
  • Eleven kontaktar fastlegekontoret sitt same dag, ikkje på etterskot, med stikkord om kva det gjeld. 
  • Eleven vil bli kontakta og handsama etter rutine på legekontoret, til trengande helsehjelp eller berre attest. 
  • Fastlegen vurderer vilkåra, og skriv ev under på attestert fråvær frå og til. Avgjerdsgrunnlaget for attesten er personsensitivt og blir i pasientjournalen.

Du finn rutina i heiltekst her

Kven har inngått avtalen og kva kommunar gjeld rutina for? 

Kommuneoverlege i Tokke: Lars Håvard Eriksen

Kommuneoverlege i Vinje: Marius Opsahl

Kommuneoverlege i Kviteseid/Seljord: Kine Jordbakke

Kommuneoverlege i Fyresdal: Karin Kristin Østerhus

Kva reglar er det som gjeld for sjukefråvær? 

Rutina har bakgrunn i følgjande regeleverk:

Forskrift til opplæringslova §9-8:

«Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.

Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er:

a. sjukdom eller andre helseforhold"

 

Utdanningsdirektoratet har lagt til grunn at dokumentasjon for dette berre kan utferdast av kvalifisert personell:

Utdrag frå Utdanningsdirektoratet sitt presiseringsskriv (nett):

Utdanningsdirektoratet har det siste året gjort ein del endringar, og laga ein del presiseringar. Vi anbefalar difor å lese desse direkte på UDIR sine sider. 

Mellom anna har dei presisert følgjande endring 9. januar i år: Avtalt samtale med «andre ansatte» omfatter ikke avtalt samtale med helsesykepleiere ettersom helsesykepleiere er ansatt i kommunen, og ikke på skolen.

Kva er grunnen til at rutina er laga? 

Fråværsreglane skaper eit auka press på allereie overbelasta fastlegar, og difor ynskjer alle partar at bruken av faslegekontoret skal bli så lågt som mogleg. 

Ved felles praksis, får legekontora og fastlegane ei rutine som lettar arbeidsbyrden - dei slepp å lure på kva dei skal skrive og korleis dei skal handtere dette.

Skulen får dokumentasjon som inneheld dei opplysingane som trengs, frå dei som er sakkunnige. 

Kommunelegane slepp å utstede dokumentasjon tilbake i tid. Dei kjem med denne rutina som hovudregel ikkje til å tilbakdatere sjukmeldingar. 

Reglar for køyreopplæringa

Nokre delar av køyreopplæringa er også gyldig fråværsgrunn, jf. opplæringsforkrifta §9-8 pkt h. 

Trafikkloven-11-6

Trafikklov-11-8

NB! For elevar i Vest-Telemark vil desse kvar for seg kvar føre til fråvær ein heil dag. Dette tek skulen høgde for, og godkjenner som gyldig fråvær.

NB! Du kan søkje om å få trekt dei før nemnde tryggleikskursa samt teoretisk og praktisk førarprøve frå på vitnemål/kompetansebevis. Søk om dette i InSchool.

Køyreopplæringa kan også dokumenterast på vitnemål, viss dokumentasjonen samla vert levert til Rannheid i resepsjonen i god tid før vitnemåla skal skrivast i midten av juni. 

Korleis dokumentere køyreopplæringa? 

Køyreskulane har ein eigen APP der all opplæring vert dokumentert. Utskrift frå denne appen i kobinasjon med framvising av appen, tener som dokumentasjon for dei delane som er gyldige fråværsgrunnar.

Døme: (dei tre delane innramma i raudt er dei godkjende fråværsgrunnane) 

trafikkapp2.JPG

Korleis skrive ut domumentasjon for køyreopplæring? 

trafikkapp7.JPG

Vestfold og Telemark fylkeskommune har også eigen informasjon om regelverket på eigne sider

Publisert:

10.10.2022

Oppdatert:

27.01.2026 kl.10:11