Snøskuteropplæring 2025/2026

Foto: Lars Torstein Momrak

Publisert:

29.10.2020

Oppdatert:

11.11.2025 kl.15:09

Siste nytt: ALLE PRAKSISKURS ER NO FULLBOOKA, fortsett nokre ledige plassar på grunnkurs. Der er no oppretta booking til ei venteliste. Du melder deg på "Venteliste praktisk kurs klasse S" (på datoen 1. mai 2026) i TABS, ved å gå inn på linken som ligg under "Påmelding kurs/leige av snøskuter" nedanfor.

Skulen har jobba hardt for å få fornya løyvet for å halde snøskuterkurs. 

Stor innsats frå mellom anna ordførar i Tokke, Skafså løypelag og Statkraft, for nemne nokon, har gjort at me 10. april 2024 fekk nytt løyve.

Media har også trykka på, mellom anna NRK.

 

 

______________________________________________

Gjennomføring av kursa er som oppsett under.

Plan for gjennomføringa:

Undervisninga består av totalt 17 skuletimar som blir fordelt over tre dagar. Grunnkurset vil hovudsakleg bli gjennomført på ettermiddag/kveldstid, medan den praktiske delen vert gjennomført over to sammanhengande dagar.

Teori (grunnkurs) på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen
(Storvegen 195, 3880 Dalen)

Grunnkurs klasse S
Består av 3 undervisningstimar (45min x 3)

2 dagar praktisk køyring på øvingsområdet i Skafså
(Gamleveg 68, 3880 Dalen)   

Dag 1
Trinn 2.2 Grunnleggende kjøreteknisk opplæring
Trinn 3    Kjøring i variert terreng
Består av 7 undervisningstimar (45min x 7)

Dag 2
Trinn 4 Avsluttende opplæring 
Består av 7 undervisningstimar (45min x 7)                      

Det vil bli lunsjpause m/bål, slik at om du ynskjer noko varmt, ta med dette.

Praktisk informasjon: 
  • Ta med kopi av gjennomført trafikalt grunnkurs fyrste kurskveld. Har du førarkort, ta dette med
  • Ta med skrivesaker
  • Ta med lærebok (kan også få kjøpt lærebok på kurset)
  • Ta med køyreutstyr (eigna klede og hjelm)

NB! Snøskuter må ha plass til to personar og krok for slede.
(Du treng ikkje ha med eigen slede, me har til utlån)

Vi må ta atterhald om snøforhold, du vil evt. bli orientert om det.

Berre for jenter

Vi vil også denne sesongen gjennomføre eigne kurs i snøskuteropplæring som berre er for jenter. Dette er ei vidareføring av samarbeidet vi har hatt med "Tak vare på kvarandre, vi har ingen fleire å miste" i Fyresdal.
Dette kurset er satt opp med grunnkurs (teori) fredag 30. januar (16stk), med praktisk kjøring 31. januar-1. februar (8stk) og 7.-8. februar (8stk). 

 

 

Kursplan for sesongen 2025/2026

I år er kurset snøskuter klasse S delt opp i to delar. Det består av eit grunnkurs og ein praktisk del. Det vil seie at du må melde deg på to kurs: grunnkurs i tillegg til den praktiske delen.
Grunnkurset må vera gjennomført før du deltar på den praktiske delen av kurset.

NB! Jentekurset inneheld både grunnkurs og praktis del i samme påmeldinga.

GRUNNKURS (teori 3x45min)
13. desember kl. 10.00-12.30 og kl. 13.30-16.00
8. januar kl. 17.00-19.30
30. januar kl. 17.00-19.30 (for jenter)
15. februar kl. 17.00-19.30 (vinterferie)
26. februar kl. 17.00-19.30
12. mars kl. 17.00-19.30

PRAKTISK KØYRING (2 dagar à 7x45min)
9.-10. januar kl. 09.00-15.00
11.-12. januar kl. 09.00-15.00
30. januar-1. februar kl. 09.00-15.00 (for jenter)
7.-8. februar kl. 09.00-15.00 (for jenter)
16.-17. februar kl. 09.00-15.00 (vinterferie)
18.-19. februar kl. 09.00-15.00 (vinterferie)
27.-28. februar kl. 09.00-15.00
1.-2. mars kl. 09.00-15.00
13.-14. mars kl. 09.00-15.00
15.-16. mars kl. 09.00-15.00

Påmelding kurs/leige av snøskuter

Påmeldinga startar måndag 10. november 2025

STATUS 11. NOVEMBER 2025: nokre ledige plassar på grunnkurs (teori), men alle praksiskurs er fullbooka, det vil koma eit valg for å booke seg på venteliste i løpet av dagen (11/11-25). Den finn du ved å fylgje link for påmelding nedanfor. 

Fylg denne linken for påmelding til kurs:  https://vesttelemarkvgs.tabs.no/kursoversikt

Klikk på Snøscooter øverst under kursoversikt, så får du opp alle kursa for heile sesongen.


Grunnkurs klasse S: 1750,-
Praktisk køyring: 7000,-
Leige av skuter: 1750,- pr.dag inkl. bensin 

Vi har 3-4 snøskuterar til utleige som du finn i kursoversikten, ønsker du å leige ein av desse, booker du den i kursoversikten/påmelding for dei dagane du skal ha praktisk kjøring.

Dersom alle snøskuterene våre er booka og du ønsker å leige snøscooter kan du kontakte:

Øverland Scooter og Atv AS
Tlf. 97101830
post@scooterogatv.no

eller

Vinje Motorsenter AS
Tlf. 97691202
vegard@vinjemotorsenter.no

Det vil bli sendt eigen faktura på kursavgift/leige av snøskuter, ikkje betal via lenke i TABS/Vipps.

For meir info

Kontakt Anders Heggard på e-post: anders.heggard@telemarkfylke.no