Dei tre ordningane som hadde frist på vårens fyrste dag, var tilskot til arrangement, tilskot til utvikling innan kultur og reiseliv, og Regionale kulturfond Telemark.
Les meir om kva tilskot Telemark fylkeskommune har for kultur, reiseliv og frivilligheit
Kulturliv med ambisjonar
Regionale kulturfond Telemark forvaltar den største pengepotten, 3,1 kroner er til fordeling. I alt har 46 sendt inn søknad til ordninga, og søknadssummen er på kring 15 millionar kroner.
- Det er mange spennande prosjekt på gang i Telemark, og søknadene vitnar om eit kulturliv med ambisjonar og mykje aktivitet. Det er mange som har lyst til å få til noko i kulturfylket Telemark, seier fylkeskultursjef Maja Foss Five.
«Vi gler oss til å lese søknadene, og publikum kan berre glede seg til kulturåret 2026»
- Maja Foss Five
- Vi gler oss til å lese søknadene, og publikum kan berre glede seg til kulturåret 2026, legg ho til.
Arenaer og kunstprosjekt
Til ordninga tilskot til utvikling innan kultur og reiseliv har det kome 31 søknader. Dei er godt fordelt på utvikling og vidareutvikling av fysiske arenaer, og på kunst- og kulturprosjekt.
Søknadssummen er på kring 9 millionar kroner.
God arrangementsbreidde
Ordninga tilskot til arrangement fekk 64 søknader, med total søknadssum på 8 millionar kroner.
- Breidda er god her også, alt frå store idrettsarrangement til diverse festivalar og enkeltarrangement, fortel kultursjefen.
Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit får saka til behandling 23. april.