50 turnear på vegen for dei unge

Tre personer kledd i grønn plast jubler og ser rare ut.
Foto: Morten Bendiksen

Publisert:

11.06.2024

Oppdatert:

12.07.2024 kl.11:33

Programmet for Den kulturelle skulesekken er klart for komande skuleår, og kring 50 turnear skal ut til skular og barnehagar.

Når skuleåret er i gang til hausten, rullar Den kulturelle skulesekken ut til barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular. 

– Vi har sett saman eit program som både skal begeistre og forundre, men som også skal passe saman med tilboda kommunane har sjølve, seier Anette Storli Andersen, teamleiar for Den kulturelle skulesekken i Telemark.

66 799 billettar

26 turnear skal ut til grunnskulane, 20 til dei vidaregåande og fire til barnehagane.

– Me likar å rekne om til billettar, og i alt deler vi ut 66 799 billettar til skuleelevar i skuleåret 2024/2025. I tillegg har vi ganske mange barnehagebillettar, fortel Andersen.

Programmet for barnehagane er ikkje heilt spikra, men det blir 180 arrangement og 6 000 barn får kulturtilbod frå Den kulturelle skulesekken.

«Den kulturelle skulesekken er ei super ordning som gjer at alle i desse målgruppene får gratis kulturtilbod rundt om i heile fylket»

- Hilde Alice Vågslid

– Den kulturelle skulesekken er ei super ordning som gjer at alle i desse målgruppene får gratis kulturtilbod rundt om i heile fylket , applauderer Hilde Alice Vågslid (Ap), hovudutvalsleiar for kultur, reiseliv og frivilligheit.

Elle Maija
JOIKEREISE: Elle Maija - kjent fra Stjernekamp på NRK, kjem til Telemark. Foto: Simen Felix Omland

Elle Maija og absurdteater

Blant dei 26 produksjonane som skal på turne i grunnskulen er Elle Maija, ho er for mange kjent frå Stjernekamp på NRK.

– Elle Maija skal ta oss med på ei joikereise som byr på både rock, pop og blues. Ho skal turnere i Telemark i mange veker i 2025. Sjekk kvar ho skal på dks.no/telemark

Agentane og det sjukt farlege oppdraget er ei av mange framsyningar innan scenekunst. – Det er freistande å trekke fram denne energibomba av ei framsyning. Det skjer i skulegarden, og det er mykje komikk og absurdteater, seier Andersen. Ho peikar også på danseframsyninga Våg! og De uovervinnelige som handlar om venskap mellom to svært forskjellige gutar. Elles er det rikt med litteratur og kulturarv på planen.

Relevans og samanheng

Programmet og produksjonar til den vidaregåande skule er relevant, skal skape nysgjerrigheit og har samanheng til læreplanar. Det seier Anne Hermansen og Marius Strandgård Baun som set saman program for dei eldste elevane. Det blir dokumentarfilmar, brynesteinshistorie og smiing, kort innføring i gullsmedfaget, samtidskunst og seksualitet og livskvalitet.

- Blant høgdepunkta er trioen Resjemheia som blir ein av dei store fellesskapsopplevingane. Konserten byr på ein tøff kombinasjon av blues og rock og hardingfele - ei oppleving me håpar skal vere ein fin inngang til å bli kjent med folkemusikk, seier Hermansen. Dei erfarne musikarane Mattis Kleppen på bass, Ottar Kåsa på hardingfele og Kenneth Kapstad på trommer utgjer bandet Resjemheia, som har konsert med same namn.

Den politiske kannestøper
HOLBERG: Teater Ibsen står på vidaregåande-programmet med Den politiske kannestøper. Foto: Benjamin Limi

Annleis formidling

Gåten: et dukkehjem er årets Ibsen-tilbod som kjem til både ungdomsskule og vidaregåande.

Gåten: et dukkehjem skiller seg ut. Tilbodet er innan litteratur og scenekunst, men formidlingsforma er Escape Room. Litteraturtilbodet blei prøvd ut på Appelsinia litteraturfestival i fjor, og fekk svært god tilbakemelding, fortel Andersen.

Søk på dks.no/telemark for å finne fram til skulen din, kommunen din eller til ei konkret hending.