- Det er vanskeleg å setje ord på kor mykje dette tyder for meg, dette er ei anerkjenning som gir meg inspirasjon til å tore skrive neste bok. Det er ein ting å skrive ei bok, det er noko anna å gje ho ut. Det er som å kaste seg ut for ei klippe, men når har eg fått eit sikkerheitsnett på veg ned, sa ein takksam prisvinnar, Joakim Fink Graasvold.
Angreknapp ute av kontroll
Tema i romanen er kjærleikssorg, identitet og fri vilje, pakka inn i noko mørkt og urovekkande. Men boka har fleire sider, og ord juryen har brukt i vurderinga av boka er morosam, kreativ, pretensiøs, klok og overraskande.
Hovudpersonen i Undo (me), Enoch Everett Berg, er dataprogrammerar. Han forstår verda gjennom programkodar, dei sosiale kodane slit han med. Romanen handlar om kva som hadde skjedd dersom ein kunne trykke på ein angreknapp – noko hovudpersonen får sjansen til, men som han mistar kontroll over. Forteljinga om bruk av kunstig superintelligens er brennande aktuell.
«Det er ein ting å skrive ei bok, det er noko anna å gje ho ut. Det er som å kaste seg ut for ei klippe»
- Joakim Fink Graasvold
Assosiasjonar til kjente historiar
Juryen meiner denne hendinga kan gi assosiasjonar til storleikar som Goethe og Shelley: Det sentrale motivet i romanen med programmeraren som mistar kontroll over programmet AdaptiveUndo som viklar seg inn i det verkelege livet gir assosiasjonar til eldre eventyr og klassiske tekstar. Goethes dikt om trollmannslærlingen eller Shelleys Frankenstein er kjente historier som illustrerer krefter menneske set i gang, men som dei seinare mistar kontrollen over. Desse eldre tekstane blir ofte halde fram som aktuelle i vår tid i symbolsk forstand i møte med teknologiske utfordringar av nyare dato.
Debutant verd å merke seg
«Vinnaren av Telemark litteraturpris 2026 er debutant, men fleire meldingar trekkjer fram at dette er ein debut å merke seg ved. Juryen sluttar seg til dette og gratulerer Joakim Fink Graasvold som årets vinnar med romanen Undo (me)», las Anders Futtrup frå grunngjevinga til juryen til ein fullsett sal på Vinjesenteret. Futtrup er ein av fem i juryen, og saman med Hilde Alice Vågslid delte han ut Telemark litteraturpris 2026 – den tredje i sitt slag.
For å kunne vere blant dei nominerte, seier retningslinene for prisen at vinnaren må ha tilknytning til fylket ved å vere født og oppvaksen her, eller ha bustadadresse i Telemark.
Joakim Fink Graasvold oppfyller kravet, sjølv om han bur i Oslo, har han vakse opp på Gulset i Skien.
Draumar har blitt verkelege
Tidlegare i år har prisvinnaren fortald til avisa Varden at han var annleis som barn, og hadde problem med å forstå sosiale kodar, ei erfaring som har vore nyttig i arbeidet med Undo (me).
Ein måte å takle livet på som barn og ung, var å skrive og drive med teater – «ting eg forsto», sa han til Varden. Han drøymde om å bli skodespelar og forfattar.
Etter å ha gått i Buer Amatør og Barneteater og dramalinja ved Skien videregående skole, søkte han seg vidare til skodespelarutdanning. Han er også regissør og scenekamputøvar og har skrive mange teaterstykke.
31. juli i år gav Aschehoug forlag ut Undo (me), dermed var Joakim Fink Graasvold bokdebutant og barndomsdraumane blei verkelege.