Hovudlaus bokleik for skulestartarane

Ein mann og eit barn les i ei bok.
Vegard Markhus besøkte Vemund og dei andre skulestartarane i Seljord under Boklek. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

07.05.2026

Oppdatert:

07.05.2026 kl.09:56

- Eg har laga fleire bøker om å miste ting, ser du kva han her har mista? - Ja, hovudet, seier eit ungt publikum og peikar!

Den fyrste veka i mai var den siste veka med "Boklek" for skulestartarar i Telemark. Vegard Markhus har farta frå bibliotek til bibliotek for å lese barnehagebarn, med utgangspunkt i den leikne boka Det runde problemet.

Ikkje lurt å miste hovudet

Det runde problemet er hovudet til hovudpersonen Robert. Han har mista det. 

- Kva kan vere vanskeleg når ein mistar hovudet, held forfattaren fram. 

- Å køyre! 
- Å høyre!
- Å leike!
- Han kan ikkje snakke og ete! 

Ungane frå barnehagane Tussejuv og Heddeli i Seljord ser for seg at det kan vere mange problem den hovudlause Robert kan støyte på. Det er ikkje særleg lurt å miste hovudet, slår dei fast. 

Leikar fram fantasivenner

Etter at boka er ferdig lese, puslar barna fram ein flanellograf-venn til Robert. Vennen vil ha ein eigen venn, kviskrar han frå flanellografen og inn i øyra til Markhus. Med instruksjonar frå barna, teiknar forfattaren - som også er illustratør, ein fantasivenn med tre hovud, åtte augo og ti edderkoppbein. 

Boklek_Seljord7.jpeg
LESING OG LEIK: Vegard Markhus er både forfattar og illustratør, og ungane fekk vere med å teikne ein fantasivenn. Foto Kristin Berge 

Felles leseoppleving 

Vegard Markhus er ein av fire litteraturformidlarar som er sendt på turne for å inspirere og gje dei eldste barna i barnehagane god leseoppleving.

Boklek er eit årleg leselystprosjekt for skulestartarar i barnehagane. Ein barnebokforfattar, illustratør eller litteraturformidlarar dreg på turné til alle folkebiblioteka i Boklek-fylka.

- Det viktigaste med Boklek er at det når alle skulestartarane våre, og at alle får ei felles, leiken leseoppleving på sitt eige bibliotek. Det er jo også stas at dei får med boka heim, som eit minne om opplevinga dei har hatt, seier Vibeke Stokka, rådgivar ved Telemark fylkesbibliotek. 

Les meir: Boklek - Telemark fylkeskommune

- Forskning viser at barn blir lese mindre for. Boklek sikrar at barna i alle fall får ei god leseoppleving, og samtundes får dei besøke biblioteket dei soknar til. Kanskje blir dei kjent med dei som arbeider på biblioteket også, seier Stokka.

Boklek_Seljord1.JPG
Biblioteksjef i Seljord, Ingeborg Nenseter Jensen (f.v.) tok i mot forfattar Vegard Markhus. Ho hadde også invitert ordførar Solveig Abrahamsen. Vibeke Stokka frå fylkesbiblioteket og Line Skori ved Seljord bibliotek var også med på bokleiken. Foto: Kristin Berge

 

Boklek er eit treårig prosjekt finansiert av Sparebankstiftelsen DnB, Norsk litteraturfestival og fylka som er med. Telemark, Innlandet, Rogaland og Østfold har no fått selskap av Møre og Romsdal og Trøndelag. 

- No er det mange med, og eg håpar vi klarer å få til finansiering etter at denne prosjektperioden er over, seier Stokka. 

Ordføraren blei med

Då Vegard Markhus besøkte Seljord, var det fleire enn barna som fekk vere med på Boklek. Biblioteksjef Ingeborg Nenseter Jensen hadde invitert ordføraren, Solveig Abrahamsen. 

- Eg har sjølv arbeidd i barnehage i mange år, og elskar bøker. Eg las mykje for ungane, og eg las alle bøkene på dialekt, fortalde ho.

- Det trur eg ikkje dei gjer lenger.