Eg er klar til å ta fatt på oppgåvene, seier Terje Riis-Johansen, som i dag vart vald som ny fylkesordførar.
Den erfarne Sp-politikaren har også tidlegare hatt rolla som fylkesordførar og han ser fram til å jobbe som øvste leiar for fylkeskommunen fram til valet i 2027.
Partia som utgjer posisjonen, er eit samkøyrde lag og vi er samde om dei største prioriteringane. Så det vil ikkje bli radikalt annleis politikk framover, seier Riis-Johansen.
Hilde Alice Vågslid går frå rolla som leiar av hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit til å bli varaordførar.
Det blir spennande å løfte blikket og jobbe endå breiare med ansvarsområda frå fylkeskommunen, seier ho.
Torgeir Bakken (Ap) går inn i rolla som leiar for hovudutvalet Vågslid no forlèt.