– Eg er glad og stolt over å ha fått stillinga og ser veldig framt til å jobbe med eit så viktig område. Det blir spennande å bli kjent med kollegaer og folkevalde i fylkeskommunen, seier Anitra Fossum.
6,5 millionar passasjerar
Ho kjem frå stillinga som kommunalsjef for samfunn, teknikk og miljø i Holmestrand kommune der ho har leidd rundt 160 tilsette.
I Telemark fylkeskommune skal ho ha det øvste ansvaret for fylkesvegar og kollektivtransport. Det inneber rundt 1900 kilometer med veg på kryss og tvers av heile fylket, 6,5 millionar busspassasjerar årleg og over 100 tilsette.
Brei erfaring
Fossum har brei leiarerfaring, er tydeleg og har vist at ho kan byggje effektive strukturar for å sikre gode tenester til innbyggjarane. I tillegg har ho jobba tett opp mot politikken i mange år.
–Å få Anitra Fossum med på laget er ein styrke for både leiarteamet og Telemark, seier Ketil Reed Aasgaard, fylkesdirektør i Telemark fylkeskommune.
Fossum tiltrer stillinga 1. oktober.