– Dei fleste vil nok tenkje at dette var ein rar stein, men me arkeologane ser snart at dette er ein «skrapar» eit verktøy til å skrape skinn med, seier Anne Margrethe Scheffler, arkeolog i Telemark fylkeskommune.
Pilspissar i kvarts
Ho viser bilete av ein «skrapar» funne ved Stegaros ved Kalhovdfjorden. Skraparen låg på det dei meiner er ein leirplass frå siste del av steinalderen, og er då om lag eit 4000 år gamalt minne.
På leirplassen låg det reiskapar, blant anna «skraparen» og steinavslag av kvarts og kvartsitt som er avfall etter pilspissproduksjon. Funna blei vaska reine med tannbørste og vatn på kontoret i Skien, før dei blei sendt videre til Kulturhistorisk museum i Oslo.
Prøvestikk og siling
Funn blei det også gjort under arbeid på Asdalstrand i Bamble dei fyrste dagane i juli.
- Me tok eit prøvestikk på 40x40 centimeter. I dette prøvestikket fann me det me kallar kulturlag. I dette tilfelle eit gamalt avfallslag som bestod av nedbrote organisk materiale, trekol, skjørbrent stein og nokre få flintbitar. Eg sålda (sila) ei prøve frå dette kulturlaget, og kunne plukke ut kolbitar som skal til C14-datering. Med ei slik sålding kan me finne ut kor gamalt kulturlaget er.
Undersøker før utbygging
Undersøkingane på Asdalstrand kom i stand fordi eit område der skal regulerast til næringsverksemd.
– Dei fleste arkeologiske oppdraga våre er i samband med reguleringsplanar, kring 30 oppdrag årleg. Det er undersøkingar etter § 9 i Lov om kulturminne. Det kan handle om alt frå store vegutbyggingar til små private byggeprosjekt. Me skal sjå til at utbygging ikkje kjem i konflikt med kulturminne, og målet er å sikre kulturminne som kjelder til forsking og formidling, forklarar Scheffler.
Kartlegge og registrere
Ho har aldri opplevd at ei byggeprosjekt har blitt stoppa på grunn av kulturminne frå steinalderen.
– Utbyggar kan få pålegg om å tilpasse inngrepet, elles blir det gjeve dispensasjon til å fjerne funn så dei ikkje blir øydelagde. Me har ansvar for å definere, avgrense og kartfeste funn og kulturminne. Alle gjenstandar blir sendt vidare til Kulturhistorisk museum i Oslo, slik som pilspissane frå Stegagros. Museet har ansvar for å ta vare på dei arkeologiske funna, seier arkeologen i Telemark.
Lang sesong
Ein tenkjer gjerne at arkeologane berre er ute på sommaren, men sesongen varer så lenge det ikkje er tele i jorda eller snø på bakken som hindrar graving.
– Sesongen varer gjerne frå mars til desember, og me har oppdrag i heile fylket, seier Scheffler som er ein av tre feltarkeologar i Telemark fylkeskommune.