Fire fylke vil styrkje Noregs veg til Europa

Fire personer står på en scene i et telt under et arrangement, hvor en kvinne holder en mikrofon og snakker til publikum. I bakgrunnen vises en skjerm med teksten 'Hvis Sverige stenger – hva gjør Norge? Grønn Jyllandskorridor som livline til Europa' sammen med et kart over Sør-Norge og Danmark. Publikum sitter på stoler og følger med på presentasjonen.
Fylkesordfører Arne Thomassen (Agder), fylkesordfører Anne Strømøy (Vestfold), fylkesvaraordfører Svein Erik Indbjo (Rogaland) og hovedutvalgsleder Anne-Nora Oma Dahle (Telemark) Foto: Agder fylkeskommune

Publisert:

18.08.2026

Oppdatert:

18.08.2026 kl.15:04

Grønn Jyllandskorridor må prioriterast i neste Nasjonal transportplan. Det var den klare bodskapen frå Agder, Rogaland, Telemark og Vestfold då fylka samla stortingspolitikarar og næringsliv til debatt under Arendalsveka. Beredskap, alternative forsyningsvegar og meir gods på sjø og bane stod sentralt.

På oppdrag frå fylkesordførarane i Agder, Rogaland, Telemark og Vestfold vart det også i år arrangert eit politisk møte om Grønn Jyllandskorridor under Arendalsveka. Det har vorte ein tradisjon at dei fire fylka står saman om å løfte korridoren nasjonalt.

Grønn Jyllandskorridor er ein grensekryssande transportkorridor for veg og bane mellom Oslo og Stavanger, som via hamner og ferjesamband koplar Noreg til Hirtshals, Jylland og vidare til Europa.

Årets møte hadde tittelen «Hvis Sverige stenger – hva gjør Norge? Grønn Jyllandskorridor som livline til Europa».

Vil ha konkrete tiltak i neste NTP

Fylkesordførar Arne Thomassen frå Agder, fylkesordførar Anne Strømøy frå Vestfold, fylkesvaraordførar Svein Erik Indbjo frå Rogaland og Anne-Nora Oma Dahle, leiar av hovudutval for samferdsel i Telemark, opna møtet saman.

Dei fire fylka hadde ein tydeleg felles bodskap: Grønn Jyllandskorridor må prioriterast i neste Nasjonal transportplan, med konkrete tiltak og investeringar langs korridoren.

Korridoren må utviklast som ein heilskap der veg, bane, hamner og ferjesamband sest i samanheng. I Vestfold vart Stokke–Torp–Sandefjord løfta fram som neste viktige parsell på Vestfoldbanen. På Sørlandsbanen er mellom anna tiltak som gir kapasitet til lengre og tyngre godstog sentralt.

Børre T. Jacobsen frå NHO Vestfold og Telemark følgde opp med perspektivet til næringslivet og understreka betydninga av Grønn Jyllandskorridor for næringslivet og for effektive og robuste samband til marknadene i Europa.

Alternativ forsyningsveg dersom Sverige stenger

I den politiske debatten deltok stortingsrepresentantane Anne Kristine Linnestad (H) og Jone Blikra (Ap), fylkesordførar Anne Strømøy (H) og Sebastian Saltrø Ytrevik (Frp). Johannes Rindal frå Telemark fylkeskommune leidde samtalen.

Eit sentralt tema var kva som skjer dersom transport gjennom Sverige eller eit viktig knutepunkt som Göteborg hamn blir ramma. Grønn Jyllandskorridor vart løfta fram som ein alternativ forsyningsveg som kan gi Noreg fleire samband til Europa. Godsvoluma er der, og næringslivet etterspør løysingane. Flaskehalsane på jernbanen må vekk, slik at vi kan ta ut potensialet i korridoren.

Viktig også i normalsituasjonen

Anne Kristine Linnestad understreka at Grønn Jyllandskorridor er viktig som ei alternativ rute inn og ut av Noreg i alle situasjonar – ikkje berre i krise og krig.

Korridoren via Danmark kan supplere sambandet gjennom Sverige og gi Noreg fleire transportalternativ mot Europa. Samtidig viste Linnestad til at mange samfunnsnyttige transportprosjekt konkurrerer om midlane i Nasjonal transportplan og dei årlege statsbudsjetta.

Ho tok derfor til orde for å sjå på alternative finansieringsmodellar og viste til europeiske infrastrukturprosjekt som Øresundsforbindelsen og Femern Bælt, der statsgaranterte lån og brukarbetaling inngår i finansieringa.

Tettare kopling mellom transport og beredskap

Jone Blikra viste til at Forsvaret i ein første runde har presentert behova sine for transportinfrastruktur. Her er mellom anna Göteborg–Oslo, sambanda frå Trøndelag inn i Sverige og Finland og Narvik–Ofotbanen trekt fram.

Blikra peika samtidig på at det framover vil bli større samsvar mellom Forsvarets behov og prioriteringane i Nasjonal transportplan. NATOs nye mål om auka investeringar i forsvar og tryggleik, der inntil 1,5 prosent av BNP kan gå til mellom anna kritisk infrastruktur og motstandsevna i samfunnet, vart også trekte fram i diskusjonen.

Arbeidet med ein kommande langtidsplan for sivil beredskap kan samtidig vere relevant for Grønn Jyllandskorridor. Forsyningstryggleik, redundans og alternative transportvegar var gjennomgåande tema i debatten.

Må dokumentere behovet og stå saman

Stortingsrepresentantane gav også råd om kva som skal til for å få nasjonalt gjennomslag. Det må kunne dokumenterast at det finst godsvolum og marknadsaktørar som vil bruke korridoren. Samtidig vart politisk semje mellom fylka framheva som viktig.

Bodskapen var å stå saman om prioriteringane, snakke med éi stemme – og gjenta bodskapen over tid. Målet er å få konkrete tiltak inn i neste Nasjonal transportplan og årlege løyvingar i statsbudsjetta.

Sjå opptak frå det politiske møtet: Viss Sverige stenger – kva gjer Noreg? Grønn Jyllandskorridor som livline til Europa