Gir krisetilskot til Grenland kunsthall og Telemarksutstillingen

Tre svarte vaser med hvit utsmykning som står på noen rektangulære kasser.
Telemarksutstillingen i 2022. Foto: Ole Morten Eyra

Publisert:

19.04.2024

Oppdatert:

19.04.2024 kl.15:18

Fylkespolitikarane løyver 300 000 kroner til kunsthall Grenland og 80 000 kroner til Telemarksutstillingen.

Grenland kunsthall og Telemarksutstillingen skriv begge i søknadene sine at utan støtte frå fylkeskommunen vil det bli vanskeleg å driva vidare. Dei har no fått støtte i hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit.

Me er glade for å kunna innfri begge krisesøknadene, seier hovudutvalsleiar Hilde Alice Vågslid.
– Kunsthall Grenland har gjort ein imponerande jobb med omstillingsprosessen sin dei siste åra, og me ser kva ringverknader det gir å ha fleire ulike aktørar som jobbar med porselen på same stad.

Telemarksutstillinga blir arrangert for 54. gong

Telemarksutstillinga er Skiens kunstforeinings største prosjekt, og blir arrangert i 2024 for 54. gong.  Dei siste åra har utstillinga vore arrangert som biennale, som betyr at utstillinga blir gjenteken kvart andre år. Utstillinga er ei vandreutstilling som i tillegg til i Skiens kunstforeining også skal visast på Rjukan, i Vrådal og Seljord og kanskje også i Kragerøområdet.

–Telemarksutstillinga er viktig for kunstnarane i fylket, kanskje særleg ved at ho gir nye kunstnarar eit høve til å visa seg fram. Samtidskunsten i fylket står sterkare med eit mangfald av arenaer, seier Vågslid.

Kunsthall Grenland satsar på porselen og samtidskeramikk

Kunsthall Grenland har visningsareal i Ælvespeilet i Porsgrunn. I februar 2022 opna i tillegg Porselensverkstedet 1400 grader, som ligg i same lokale som Porsgrunds Porselænsfabrik (PP) og Porselensmuseet Telemark museum. Verkstaden vart bygd som følgje av ein omfattande restruktureringsprosess i perioden 2019-2021 etter ei utfasing av driftsstøtta til kunsthallen frå Kulturdirektoratet.