Gjer boklån enkelt for barnefamiliar

To barn og ei vaksen ser på ei bok i lag. Ungane er med på ordninga Tøyveskebibliotek. Foto:
TØYVESKEBIBLIOTEK: Elin Normann kjem med bøker til ungane i Høydalsmo barnehage fordi dei er med på ordninga "Tøyveskebibliotek - Les med meg". Fylkesbiblioteket står bak tiltaket for å betre leselyst og lesekunne. Foto: Åshild Emma Solbjør, Vest-Telemark Blad

Av:

Kristin Berge

Publisert:

28.10.2024

Oppdatert:

29.10.2024 kl.13:26

Ei vogn fylt med tøyvesker skaper glede i Høydalsmo barnehage, for veskene er fulle av bøker.

Kva gjer fylkesbiblioteket når statistikken fortel at det står dårleg til med høgtlesing for barn? Jo, dei opprettar «Tøyveskebiblioteket – Les med meg!» eit enkelt og effektivt tiltak for å stimulere til høgtlesing og leselyst.

Avisa Vest-Telemark Blad blei med bibliotekaren Elin Normann frå Tokke bibliotek til Høydalsmo barnehage tidlegare i haust, då ho tok turen dit med tøyveskebiblioteket.

TøyveskebibliotekVTB3.jpeg
GODT TILTAK:Føresette til ungane i Høydalsmo barnehage har uttrykt at dei syns tøyveksebiblioteket er eit godt tilbod. Det fortel styrar Dagny Skjelbreid. Foto: Åshild Emma Solbjør, Vest-Telemark Blad  

Gode opplevingar

- Dei som ikkje les så mykje og som aldri er innom biblioteket, får biblioteket til seg, seier styraren i Høydalsmo barnehage, Dagny Skjelbreid. Ho fortel at mange foreldre har uttrykt at dei er glade for ordninga.

Høgtlesing utviklar ordforrådet og refleksjonsevnen, og betrar skrive- og leseferdigheiter, men i tillegg gjev høgtlesing gode opplevingar.

- Det er ei stund saman, der ungen får mamma eller pappa for seg sjølv. Det skaper fellesskap. Felles opplevingar, seier Elin Normann til Vest-Telemark Blad.  

Biblioteket fiksar alt

Skjelbreid fortel at tøyveskebiblioteket ikkje gjev dei tilsette i barnehagane ekstraarbeid, for biblioteket tar seg av det praktiske. Dei kjem med bokveskene til barnehagen, som vidareformidlar til foreldre og barn. Veskene blir lånt ut og levert tilbake i garderoben, og blir heilt enkelt registrert med eit kryss på ei tavle.

- Barnehagar kan kontakte biblioteket sitt, så sender vi tøyvesker og materiell til biblioteka, seier Vibeke Stokka. Ho er rådgivar ved fylkesbiblioteket i Telemark og legg til rette for tøyveskebiblioteket.

- Bibliotekarane finn bøker som passar alderen til barnet, og som eignar seg for høgtlesing om det er på bokmål, nynorsk eller andre språk, opplyser ho.

TøyveskebibliotekVTB1.jpeg
SPENNANDE: Det er spennande å få nye bokvesker. Foto: Åshild Emma Solbjør, Vest-Telemark Blad 

Plass til alle

- «Tøyveskebiblioteket – Les med meg!» er eit enkelt, konkret og effektivt tiltak for å stimulere til høgtlesing for barn, og det er heilt gratis – slik bibliotek er, seier Stokka. Ho er glad for at tilbodet er tatt så godt imot i barnehagen i Høydalsmo, og har også fått lovord frå andre barnehagar og kommunar.

- Tokke er ein av elleve kommunar som er med på ordninga, men det er plass til alle, inviterer ho. 

«Tøyveskebiblioteket – Les med meg!» er eit enkelt, konkret og effektivt tiltak for å stimulere til høgtlesing for barn»

- Vibeke Stokka

Vil du vite meir eller ynskjer at bibliotek og barnehagar i din kommune skal bli med på ordninga?
Ta kontakt med Vibeke Stokka i Fylkesbiblioteket i Telemark. 
Ho har tlf. +47 98665772

Tilbudet er tilgjengeleg i landet gjennom prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek, og det er Nordland og Trøndelag fylkesbibliotek som har utvikla konseptet.

Les meir her: Tøyveskebiblioteket - Telemark fylkeskommune


Emneord:

Fylkesbibliotek