Tuva vil lære å veve frie mønster med historiske teknikkar, og håpar å vidareføre kunnskapen til likesinna. Derfor får ho stipend frå Telemark fylkeskommune.
- Det er kjempefint å få det stipendet nå! Eg har arbeidd med veving i fem-seks år, med dette stipendet får eg sjansen til å utvikle meg vidare. Pengane går til eit vekeskurs med Åse Eriksen på Raulandsakademiet, seier Tuva Tovslid som mottek stipendet på Dyrskun sundag.
La vekt på kompetanseheving
- Det var ikkje så mange søkarar, men dei som søkte var gode, og spennet var stort. Det var søknader frå ni heilt ulike tradisjonsberarar, blant anna handverkarar innan glaskunst, instrumentmaking, rosemåling og tægarbinding, fortel Hilde Alice Vågslid. Ho er leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit som gjekk for innstillinga frå fylkesdirektøren. Vågslid deler ut stipendet til Tovslid på Dyrskun til helga.
- Vi gjekk inn for innstillinga der det blei lagt vekt på kompetanseheving innan eit handverk som få held i hevd, seier Vågslid.
Mangel på kulturberarar
I fylkesdirektørens vurdering heiter det at Telemark har ein rik og mangfaldig fysisk og immateriell kulturarv. For at denne arven skal bli teken vare på i framtida, er kompetanse og ferdigheitene innan tradisjonskunst og tradisjonshandverk avgjerande. Fylket manglar utøvarar som kan bringe kulturarven og ferdigheitene vidare. Stipendordninga er eit bidrag til kompetanseheving innan dette feltet.
Stipendvinnaren får ha utstilling på Dyrskun i 2027, og Tuva Tovslid legg fram plan for dette i søknaden. Ho vil veve to-fire arbeid med teknikkane ho lærer av Åse Eriksen.
Les om ordninga her. Stipend for tradisjonskunst og tradisjonshåndverk - Telemark fylkeskommune
«Kurset som blir finansiert av stipendpengane er både til inspirasjon og motivasjon»
- Tuva Tovslid
Vev og held kurs
Tuva Tovslid driv med veving på heiltid, og er opptatt av kunnskap og teknikkar som er i ferd med å bli gløymde. Ho driv einmannsføretaket Vidvandrer, og er busett i Skien. Som vevar er beresjal for barn det viktigaste salsproduktet, men ho driv også med kunstvev og utsmykking. I tillegg held ho kurs i spinning og handtein med lokal telemarksull, og har ynskje om å utvide kurstilbodet.
Stipendpengane går altså til kurs med Åse Eriksen, der veving med frie mønster, historiske teknikkar og eldre tids mønsterbindingar står på programmet. I søknaden skriv Tovslid at ho vil ynskjer å bringe kunnskapen ho får frå Eriksen vidare.
- Eg held kurs i spinning nå, men ynskjer å utvide tilbodet mitt med kunnskap i frie vevteknikkar. Slik får andre sjå verdien av det eg har lært. Kurset som blir finansiert av stipendpengane er både til inspirasjon og motivasjon, seier Tovslid som gler seg til å motta stipendet og besøke Dyrskun for fyrste gong.
Vil veve livshistoria
Tuva Tovslid vev kring 120 meter i året, og dei siste fem åra har omsetninga vore på 1,5 millionar kroner. Kundane er i hovudsak frå Norden, men også frå USA, Singapore og Brasil.
«Kundane mine er opptatt av å kunne veve inn livshendingar, historie og symbolikk i beresjala sine. Det er ein av grunnane til at eg ynskjer å ta kurs i veving med frie mønster», skriv Tovslid i søknaden.
Hilde Alice Vågslid deler ut stipendet kl. 14-15 på Dyrsku-sundagen, i standen TettPå Stor.