Rassikringsarbeidet på Skafsåheia føregår i 800 meters høgde. Her oppe kan vêret vera ganske nådelaust, slik at mykje av arbeidet med å bygga skredvollar ikkje kan gjennomførast i vintertida. Likevel er det villreinen som set ei grense for kvar lenge sprengningen av Lauvåsen kan pågå. Der er grensa sett til 1. oktober. Resten av hausten og vinteren er det berre arbeid i Vestfold og Telemark fylkeskommune som kan halda fram. 10. mai 2023 går klarsignalet til at anleggsarbeidet i Agder kan ta til igjen.
- Vi er avhengig av å få unnagjort størstedelen av det tyngste arbeidet her oppe i løpet av dette året. Derfor stenger vi 15. august og held vegen stengt fram til og med 30. september, opplyser byggeleder Lars Lund i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Det er 70 000 kubikkmeter fast fjell som skal sprengast ut i Lauvåsen i Agder fylkeskommune. Vinterstid denne åsen bode på store utfordringar i periodar. I botnen av åsen bygger det seg opp ismassar som set preget sitt på sjølve fylkeveien. Når ein stor del av fjellet blir sprengd vekk, blir dette problemet eliminert. Sjølv om det blir ein høg skjæring, vil ikkje lenger is som fell ned by på nokre problem fordi avstanden til sjølve vegbanen blir så stor.
Allereie no er dei første lassa av berget køyrt over grensa til Vestfold og Telemark fylkeskommune. Ved Ullsteinane der eit av dei to skredutsatte stadene er, er det så trongt at det blir nødvendig å flytta vegen ut i vatnet. Når fjellet er sprengt ut blir det rundt 110 000 kubikk med stein. Noko av steinen skal brukast til å bygga opp dei store skredvollane, både her og ved Voilen.
Naturen er sårbar, ikkje minst her oppe i høgda. Derfor blir heile området overvakt av eksperten vår på ytre miljø (YM-rådgiver). Dei første 470 meterane med siltduk er allereie lagt ut i vatnet for å hindra at partiklar frå fyllmassane kjem ut i resten a vatnet. Ytterlegare lengder med slik duk blir lagt ut etter kvart som det blir nødvendig.
Sidan starten av prosjektet i mai, har det vorte arbeidd med å laga vegar opp til toppen av fjellet som skal sprengast ned.
- Arbeidet er krevjande. Det første som blir gjort er naturleg nok å fjerna laus masse utanpå sjølve berga. I dette arbeidet har det komme for dagen at det har vore mykje løyste fjell som det har vore nødvendig å sikra før vi kan gå laus på sjølve arbeidet, seier byggeleder Lund.
Frå begge sider av Lauvåsen er det no laga vegar opp til toppen. Dette er svært bratte anleggsvegar som er nødvendig for å komma til med borerigg slik at sprengningen kan byrja for alvor. Samtidig er det bratt ned til fylkesvegen, derfor blir det nødvendig å stenga for trafikk medan det tyngste arbeidet pågår i haust.
Kvardagar vil det vera ope for trafikk mellom klokka 0700 og 0800 kvar morgon, like så blir det opna mellom 1600 og 1700 på ettermiddagane. I helgane blir det opna klokka 1400 fredag ettermiddag og er ope fram til 0800 måndag morgon.