Kulturdialogen 2024 - meld deg på!

Hilde Alice Vågslid og Maja Foss Five smiler på bildet.
Hilde Alice Vågslid og Maja Foss Five inviterer til Kulturdialogen 2024 - kunsten å tenkje saman. Det skjer i Ibsenhuset 19. november. Foto: Telemark fylksekommune

Av:

Kristin Berge

Publisert:

24.09.2024

Oppdatert:

27.09.2024 kl.15:24

19. november inviterer Telemark fylkeskommune til Kulturdialogen 2024 – ein arena for  dei gode kulturideane.

«Kulturdialogen 2024 – kunsten å tenkje saman» er den første i sitt slag i nye Telemark fylke. Her skal gode idear og tankar om kulturlivet i Telemark blir delt og diskutert.

– Vi inviterer breitt, og vil at så mange som mogleg innan kulturfeltet skal delta, seier Maja Foss Five, fylkeskultursjef i Telemark.

Ho er vert for dialogen på Ibsenhuset i Skien 19. november, saman med Hilde Alice Vågslid, hovudutvalsleiar for kultur, reiseliv og frivilligheit.

Meld deg på Kulturdialogen på Ibsenhuset

Kulturarena nr. 1

Kulturaktørar, offentlege verksemder, politikarar og kulturinteresserte innbyggjarar bør kome, for her skal dei gode dialogane om kultur skje.

– Dette er staden for alle som arbeider med, eller er interesserte i kultur, kulturpolitikk, samfunnsutvikling. Ja, dette er staden for alle som er opptatt av kulturfylket vårt. Vi har som mål at dette skal blir den prioriterte møteplassen for dei som er engasjerte i kultur, både dei som har det som jobb, avgjerdstakarar i kommunar og i fylke og andre i kulturfeltet, seier Vågslid.

Hald av dato – program kjem!

– Programmet er ikkje spikra enno, men vi lovar gode foredrag, erfaringsutveksling, panelsamtalar og sjølvsagt kulturelt påfyll, seier kultursjefen.

Kulturdialogen varer heile dagen, frå kl. 10 til 15.30, og det vankar god lunsj til deltakarane.

Hald av 19. november, og meld deg på her!