Liten kafé med stor betydning

Seks personer foran et bygg med ballonger på døra. Tre av personene holder en kaffekopp og alle smiler.
Det er mange som gler seg over det nye tilbodet i Hjartdal. F.v.: Ordfører i Hjartdal, Bengt Halvard Halvorsen, kommunedirektør Mona Slaaen, prosjektleder Terese Kolberg, oppvekstsjef Inger Øya Grødgård, leder for flyktningstjenesten Akili Christophe Kahindo og Anne Lise Lovheim, Nav Hjartdal. Foto: Quessia Wold

Av:

Quessia Wold/Anne Lisbeth Odinsen

Publisert:

03.03.2025

Oppdatert:

03.03.2025 kl.12:15

Nyoppstartede Kafé Hjarte bognar over av ferske bakevarer, smurde bagettar og nysteikte croissantar. Men kafeen er meir enn berre ein kafé. Den gir også arbeidstrening og språklæring for innvandrarar i Hjartdal.

Kafeen er lokalisert i delar av lokala til Hjartdal Elektro, midt i Sauland sentrum. Dei tilsette er anten ein del av, eller har vore ein del av, vaksenopplæringa i Hjartdal kommune. Kafeen er eit felles initiativ mellom Hjartdal kommunes flyktning- og samfunnsavdeling og Telemark fylkeskommune.

–  Når vi jobbar med inkludering og integrering er det viktig at frykta for kulturforskjellar forsvinn. Og det skjer best når folk møtest og blir kjende med kvarandre, seier  Akili Christophe Kahindo, leiar for flyktningtenesta og vaksenopplæringa i Hjartdal kommune.

I talen sin takka han Hjartdal Elektro som disponerer lokala, og dessutan alle som deltok på opninga og dei frivillige som bidreg til prosjektet. Han la til at målet vidare er at elevar frå vaksenopplæring sjølv skal overta drifta etter kvart.

Kafeen gir moglegheiter for arbeidstrening, språklæring og etableraropplæring for innvandrarar som er klare for å ta steget ut i det norske arbeidslivet.

Spille på lag med næringslivet

Ordførar Bengt Halvard Odden var til stades på opninga og oppmoda alle til å komme og ta i bruk kafeen.

– La dette vere ein stad der vi kan komme innom, setje oss ned med ein god kopp kaffi og treffe både kjende og ukjende, sa han.

Kafe Hjarte. Bilde 3.jpg

Eit suksesskriterium for å lykkast er god tverrfagleg samhandling lokalt. Der dei offentlege aktørane lykkast i å få det lokale næringslivet til å spele på lag og forplikte seg, har  integreringsarbeidet gode føresetnader.

Godt tiltak for å fremje integrering

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid er glad for at eit slikt tilbod er på plass i heimbygda hans.

- Dette synest eg høyrest ut som eit godt tiltak for å fremje integrering og skape ein felles møteplass. Eg gler meg til å ta turen innom neste gong eg er på heimlege traktar, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Arbeidsintegrering i distrikt

Telemark fylkeskommune samarbeider med kommunane Drangedal, Seljord, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Midt-Telemark, Vinje og Notodden for å styrkje arbeidsintegreringa av innvandrarar i distrikta.

Målet med satsinga, Arbeidsintegrering i distrikt, er å etablere tverrfaglege samhandlingsarenaer som skal bidra til at fleire innvandrarar får jobb. Ved å fremje auka samarbeid på desse arenaene, leggjast det til rette for ei raskare arbeidsintegrering i distriktskommunane.