LoPe heidra med Mangfoldprisen

Fra venstre: Stig Roar Hansen, Stig Kolbjørnsen, Lailo Merganova, Marius Roheim Aarvold, Elena Elendica Minescu, Roy Helge Aune, Peri-Ilka Tincman, Queen Sossina Wacu Joramo, Amy Barton, Prakash Tej Angdembe, Patricia Sandnes Hartman, Odin Adelsten Bohmann, Quessia Wold. Foto: Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

Av:

Quessia Wold/Lailo Merganova

Publisert:

19.12.2024

Oppdatert:

20.12.2024 kl.10:24

Telemark fylkeskommune gratulerer LoPe med tildelinga av den regionale Mangfoldsprisen i kategorien små verksemder.

Fredag 13. desember fekk Telemarks-bedrifta LoPe (foreining for mikrointegrering) frå Skien den regionale Mangfoldprisen i kategorien små bedrifter. Prisen vart delt ut av Queen Sossina Wacu Joramo, seniorrådgivar i Imdi, saman med juryleiar Patricia Sandnes Hartman, leiar i Likestilt arbeidsliv Agder Fylkeskommune.

I grunngivinga frå juryen står det mellom anna:

«LoPe er aktive i det offentlege ordskiftet for å synleggjere ressursane som innvandrarar representerer. Dei er ein tydelege stemme for eit meir inkluderande arbeidsliv. LoPe er eit godt døme på korleis mangfald er ein ressurs for verksemda.»


Skal framme etnisk mangfald

Mangfaldsprisen er utmerkinga til staten for framifrå bruk av innvandrarars kompetanse i arbeidslivet. Formålet med prisen er å fremje etnisk mangfald, betre bruk av innvandrarars kompetanse og auke rekruttering av innvandrarar i arbeidslivet. Dette skal skje gjennom å løfte fram dei gode døma på etnisk mangfald i arbeidslivet som kan inspirere andre. Prisen blir delt ut av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Stig Kolbjørnsen, leiar for hovudutvalet for utdanning, folkehelse og tannhelse i Telemark fylkeskommune, Marius Roheim Aarvold, ordførar i Skien, og einingsleiar i KIE, Stig Roar Hansen, var også til stades under seremonien. Dei delte inspirerande orda og gratulasjonane med medarbeidarane i foreininga som anerkjenning for LoPes arbeid med å skape eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø, noko som har skapt merksemd og stoltheit for Telemark og verksemda deira.

Telemark fylkeskommune takkar foreininga for deira bidrag til integreringsarbeidet i fylket. Vi ønskjer LoPe lykke til vidare og ser fram til at dei held fram arbeidet sitt for mangfaldige arbeidsplassar og inspirerer andre til godt rekrutteringsarbeid for å fremje etnisk mangfald.

Her kan du lese mer om Mangfoldsprisen

Her kan du lese mer om LoPe