Løyvde nær fire mill. til friluftstiltak

Bildet viser en lekeplass, motivet er fra Kragerøbanen
Kragerøbanen blei tilgodesett med 1 270 000 kroner for å lage universelt utforma tilkomst. Foto: Even Lundefaret/VisitTelemark

Av:

Kristin Berge

Publisert:

04.02.2026

Oppdatert:

04.02.2026 kl.17:19

Bidra til betre folkehelse, og legge til rette for at alle folk kan ferdast i friluft - det er oppgåver fylkeskommunen har ansvar for.

To av sakene utvalet behandla onsdag var nettopp tilskot til friluftsaktivitet 2026 og tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde 2026. 

Helse, miljø og trivsel

- Det er mykje folkehelse i desse vedtaka, og veldig mange aktivitetar og tiltak som gagnar barn, unge og familiar, seier Hilde Alice Vågslid. Ap-politikaren er leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivillighet som hadde møte i lokala hjå Siljan Hjort onsdag. 

Overordna kriterium og retningslinjer for tilskotsordninga er nedfelte i Forskrift om tilskot til friluftslivsaktivitet og formålet med tilskotsordninga er at ho skal bidra til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Her kan du sjå heile sakskartet: Møtekalender og saker - Telemark fylkeskommune

Tilskot til friluftsaktivitet

Politikarane gjekk einstemmig inn for innstilliga frå administrasjonen, med unntak av nokre små endringar som følge av eit tillegg frå Unni Wærstad (Ap)

- Eg ynskjer at DNT Telemark skal få dei 55 000 kronene dei har søkt om til to dugnader. Vi har prioritert Gaustatoppen mange gonger, så det er ein heilhet her, poengterte ho. Politikarane blei med på å støtte arbeidet, og finansierte det ved å redusere på nokre av dei andre forslaga. 

I alt har det kome inn 20 søknader med ein søknadssum på litt over 2,6 millionar kroner. 

Dei 1,4 millionane politikarane hadde til rådigheit, blei fordelt slik: 

  • A-larm, bruker- og pårørendeorganisasjon på rusfeltet, lågterskel friluftsaktivitetar: 50 000 kroner
  • Birdlife Norge, avdeling Telemark, Reirskolen, gratistilbod til skulane: 140 000 kroner
  • DNT Telemark, Turbotråkk 2026, utearrangement for barnehagar: 135 000 kroner
  • DNT Telemark, Friluftskompetanse i 2026, turleiarkurs: 150 000 kroner
  • DNT Telemark, Opptur i Telemark, turtilbod til skuleklasser: 244 000 kroner
  • DNT Telemark, Rubenstur2026, tur til Hardangervidda for menneske med funksjonsvariasjonar: 108 000 kroner
  • Friluftsrådet Sør, kommunalt oppgavefellesskap, Friluftsskole i Nissedal 2026: 35 000 kroner
  • Grenland friluftsråd, kommunalt oppgavefellesskap, Naturlos 2026, brosjyre, 73 000 kroner
  • Nasjonalforeningen for folkehelsen Vestfold og Telemark fylkeslag, Lek med oss! Friluftsaktiviteter for barn og unge: 50 000 kroner
  • Norges jeger- og fiskerforbund, Telemark, friluftsaktivitetar 2026: 150 000 kroner
  • Porsgrunn orienteringslag, 80 spreke i Porsgrunn, turorienteringspakker til familier: 25 000 kroner
  • Sauland idrettslag, drift av skøyteis og skøyteaktivitet 2026: 15 000 kroner
  • Skogselskapet i Buskerud og Telemark, gratis skoleskogdager i Telemark 2026: 150 000 kroner
  • Telemark litauiske venneforening, friluftsaktivteter for innvandrere, dagstur og villmarksleir: 20 000 krone
  • DNT Team Gaustadtoppen, dugnad: 55 000 kroner. 

Tilskot til friluftsområde

Den største "friluftspotten" politikarane behandla, var til "Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde 2026". 2,5 millionar kroner blei fordelt på ni av 12 søknader. Det er berre kommunar som kan søke på denne ordninga, det hadde Porsgrunn, Midt-Telemark og Drangedal gjort. 

Drangedal kommune fekk innfridd to søknader: 

  • Toke brygge, fornye amfi: 300 000 kroner
  • Kragerøbanen tur- og sykkelveg, universell utforming av tilkomst: 1 270 000 kroner

Porsgrunn kommune fekk innfridd sju søknader: 

  • Kattøya, trapp og påfyll av sand: 60 000 kroner
  • Olavsberget, tapp og utbedring av golv i toalett: 100 000 kroner
  • Sildevika, utbedring av trapper og nytt rekkverk: 45 000 kroner
  • Siktesøya 1, HC-toalett, brygge og påfyll av sand: 275 000 kroner
  • Siktesøya 2, brygge og steinkant: 130 000 kroner
  • Bukkøya, brygge og påfyll av sand: 170 000 kroner
  • Håøya, steinbrygge, bekk og påfyll av sand: 150 000 kroner