-Me treng frivilligheita

Tre blide menneske sit tett saman
GODT TREFF: Fylkeskultursjef Maja Foss Five, hovudutvalsleiar for kultur, reiseliv og frivlligheit,  Hilde Alice Vågslid og fylkessjef for samfunnsutvikling, Jon Steinar Tufte syns det kom mykje nyttig ut av Frivillighetsdialogen 2024 som blei arrangert 9. april.

Av:

Kristin Berge

Publisert:

11.04.2024

Oppdatert:

11.04.2024 kl.14:06

– Dyrtid med større og fleire utgifter er tøft for mange. Me treng eit samfunn med medmenneske som bryr seg om kvarandre – me treng frivilligheita.

Det sa Hilde Alice Vågslid då ho opna Frivilligheitsdialogen 2024. Ho er leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark fylkeskommune. Og det var nettopp fylkeskommunen som inviterte til dialogen på Ibsenhuset 9. april, der frivilligheit organisasjonar, lag, foreiningar og politikarar for dei fleste parti møttest.

– Representantar for frivilligheita har i fleire undersøkingar og dialogar ytra eit sterkt ønskje om å få vere tett på politiske prosessar, og ønskt at fylkeskommunen skal syte for både nettverk og møteplassar. Denne møteplassen er eit svar på det, sa utvalsleiaren.

– Kring 100 deltok på frivilligheitsdialogen, og me fekk mange tilbakemeldingar på at dette er noko dei frivillige ynskjer. «Sjå på oppmøte, du ser at denne møteplassen er viktig» sa ein av deltakarane til meg, fortel fylkeskultursjef Maja Foss Five som deltok på konferansen.

Idébank  for frivilligheit

Valgt bilde.jpg
Foto: Maja Foss Five

– Det var stor engasjement og mange gode innspel, seier Mona Kluck som arbeider med folkehelse i fylkeskommunen. Særleg begeistra var ho for mange gode forslag om kva ein kan gjere for å behalde dei frivillige. Dei komande dagane skal ho samle alle forslaga i ein idébank som vil bli tilgjengeleg for frivilligheita.

– Me fekk også mange innspel til Telemarksplanen (red.anm: det nye namnet på regional planstrategi), og aktørane meldte tilbake at dei syns dette var positivt, fortel kultursjefen.

For store forventningar?

Valgt bilde (11) kopi.jpg
Tor Nicolaysen på frivilliheitsdialogen. Foto: Maja Foss Five

– Me hadde besøk av eldsjel og frivillig i tiår, Tor Nicolaysen. Mange kjenner han for det brennande engasjement for formidling av tungtvatn-aksjonen.  Han var opptatt av krav og forventingar i frivilligheitsarbeidet, at det kanskje blir for mykje for mange. Forventingane om å delta på kurs og seminar, i tillegg til det vanlege organisasjonsarbeidet kan blir for stritt. Han påpeika at vi kanskje må tenkje nytt for å behalde dei frivillige, seier Foss Five.

Ventemedlemskap for unge

Ei av utfordringane i frivilligheitsarbeidet er korleis ein kan halde på dei unge.

-  Kan me ha eit ventemedlemsskap for dei unge når dei er i flyttefasar i livet? Kanskje dei vil behalde medlemskapet for ein symbolsk sum, og vere klare for ny innsats når dei eventuelt kjem heim att, spurte Nicolaysen.

Sjå dei små

Dei mindre organisasjonane påpeikte at dei kunne tenkje seg at fylkeskommunen såg litt til dei også, ikkje berre til dei store paraplyorganisasjonane som Røde Kors og Den norske turistforeining.

- Det stemmer, me er nok mest knytt til paraplyorganisasjonane. Me må jobbe vidare med kommunane for å finne rett nivå, det er fint å ha den dialogen, seier Foss Five ettertenksamt.  

Fakta om frivilligheit

  • Det er 2300 frivillige organisasjonar i Telemark.
  • Frivilligheit er ei viktig drivkraft til å løyse ulike samfunnsutfordringar i velferdssamfunnet.
  • Noreg er på verdstoppen når det gjeld frivillig deltaking og arbeid
  • Det har likevel blitt vanskelegare å rekruttere til frivillig arbeid.
  • SSB har rekna ut at det frivillige gratisarbeidet ville stått for nesten 5 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP).
  • Uløna frivillig arbeid er størst i kultur og fritid. Det utgjorde nærast 53 prosent av dei frivillige årsverka totalt.
  • Idretten aleine stod for om lag 35 000 årsverk, tilsvarande 25 prosent av dei frivillige årsverka.