På Kulturdialogen deltok kulturaktørar, byråkratar, institusjonar, organisasjonar og politikarar. Under dialogen er målet å skapa ein møteplass for alle som er opptekne av kultur.
- Det er viktig å skapa ein felles arena for alle som er opptekne av kultur i fylket vårt, seier fylkeskultursjef Maja Foss Five. Me lykkast ikkje med å byggja eit sterkt og mangfaldig kulturfylke om me ikkje snakkar saman, utfordrar kvarandre og dreg i same retning.
Programmet for årets kulturdialog var variert, og både økonomi og samfunnseffekten av kultur vart presentert.
- Kulturdialogen er ein viktig møteplass der me politikarar får møta representantar frå ulike delar av kulturfeltet. Eg synest me har ein god dialog som er prega av låge skuldrer og ofte konkrete tilbakemeldingar, seier Hilde Alice Vågslid, leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark fylkeskommune.
26 milliardar til kultur i Noreg
Marcus Zackrisson frå Kulturdirektoratet heldt foredrag om kulturkroner og økonomi for kulturfeltet. Han viste til at det samla sett blir brukt 26 milliardar kroner på kultur kvart år i Noreg.
Innlegget vart etterfølgt av ein panelsamtale leidd av Aslak Bonde, politisk kommentator i Morgenbladet. Emnet for samtalen var ansvar og prioriteringar lokalt, der den krevjande økonomiske situasjonen i kulturfeltet vart løfta fram. Det var semje i panelet om at eit felles mål er å auke midlane til kultursatsinga. Paneldeltakarane var Gunn Marit Helgesen (hovudutval for kultur i Telemark fylkeskommune), Hilde Tørdal (Telemark kunstsenter) og Anne Margrethe Espelid (Nissedal kommune).
Samfunnseffekten av kultur
Line Anni Solbakken frå KS hadde eit innlegg om Kulturveilederen og samfunnseffekten av kultur. Ho vektla mellom anna dei økonomiske ringverknadene som midlar brukt på kultur gir til samfunnet. Ho løfta også fram viktigheita til kulturfeltet som arena for ytringsfridom.
Eit panel diskuterte deretter kva som er ein god kulturdebatt. Det vart temperatur i denne debatten, med ei brytning mellom det instrumentelle og kunst av omsyn til kunsten, og med fokus på plassen til kulturen i samfunnsutviklinga. Det var Katharina Berg Skomedal (Teater Ibsen), Morten Hagevik (Porsgrunn kommune) og Bjørn Rudborg (hovudutval for næring i Telemark fylkeskommune) som deltok i panelet.
Kulturprosjekt i Telemark
I programmet for Kulturdialogen var det også lagt opp til å ha ein kafédialog med politikarane og ein kommunedialog med presentasjon av inspirerande prosjekt frå kommunane.
Kunstløypa i Porsgrunn, Kulturintroduksjon for nykomne flyktningar i Skien kommune og NaturLab Flatsjå i Seljord kommune var blant prosjekta som vart presenterte. I tillegg informerte Telemark fylkeskommune om prosjektet Dagsturhytter.
Kunstnariske innslag
Dei kunstnariske innslaga var ved dei tre kunstnarane som fekk kunstnarstipend frå fylkeskommunen i 2024. Publikum fekk oppleve slampoesi av Marija Bliznac, eit utdrag av filmen Fluvial Deposits av Stine Gonsholt og musikk av Mattis Kleppen.