Telemark fylkeskommune redusere prisen på alle 30 dagar-periodebillettar med 100 kroner i heile fylket, frå og med 20. april 2026. Prisreduksjonen gjeld alle kundar i alle aldrar og oppdaterte prisar vil publiserast på farte.no frå same dato.
–Lågare billettprisar kjem alle til gode, både dei som reiser kollektivt i nærområdet og dei som bruker bussen på tvers av fylket, til dømes gjennom direkterutene frå Drangedal, Rjukan og Seljord til Skien, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.
Ny tilskotsordning
Prisreduksjonen kjem av ei mellombels tilskotsordning på totalt 620 millionar kroner, som vart løyvde i statsbudsjettet for 2026.
Midlane blir fordelte slik at alle fylkeskommunar kan tilby ein prisreduksjon på månadsbillett til kundane sine. Tilskotet som er tildelt Telemark er basert på talet på selde periodebillettar i fylket vårt. For meir informasjon sjå regjeringa.no.
Prisjusteringa gjeld 30 dagars periodebillett for både buss og ferje.
Mål om nullvekst
Hensikten med tilskotet er å gjere det meir økonomisk gunstig å velje kollektivtransport framfor privatbil.
–Skal vi nå målet om nullvekst i persontransporten må vi få fleire til å velje kollektivt, seier Løkslid.
Les meir: Vil redusere prisen på månedskort med 100 kroner - regjeringen.no