Delte kulturkronene på mange

Mange folk står på en scene, de er fylkespolitikere på besøk hos Teater Ibsen.
PÅ TEATERBESØK: Utval for kultur, reiseliv og frivilligheit besøkte Teater Ibsen før utvalsmøtet 19. november. Foto: Telemark fylkeskommune

Av:

Kristin Berge

Publisert:

19.11.2025

Oppdatert:

19.11.2025 kl.18:53

Kulturpolitikarane delte ut 3,2 millionar regionale kulturfond-kroner og 112 000 kroner til formidling av kulturarv - etter fylkesdirektørens tilråding. I tillegg fann dei 200 000 kroner til Telemark symfoniorkester.

Då hovudutval for kultur, reiseliv og frivillighet hadde møte 19. november stod fleire tilskotsordningar på sakskartet. I tillegg hadde ein søknad frå Telemark symfoniorkester fått plass på kartet. Dei ba om å få plass på lista over fleirårige samarbeidsavtaler, men søknadsfristen hadde gått ut. 

Politikarane var opptatt av at det er det einaste symfoniorkesteret i Telemark, og valde å ta søknaden til følge. Dei løyvde 200 000 kroner frå eige rammebudsjett, der det sto igjen 1,8 millionar kroner før møtet starta. 

- Eg har lyst til å invitere dykk til å fordele desse pengane på aktørar som gjer mykje godt for kultur, sa Gunn Marit Helgesen (H). Utvalets leiar, Hilde Alice Vågslid (Ap) foreslo å halde eit ekstraordninært møte 26. november, for å fordele dei kring 1,1 millionar kronene som er att.

3,2 til inkluderande kulturliv

Regionale kulturfond er ei ny statleg ordning frå 2025 som er finanisert over statsbudsjettet. Fylkeskommunen forvaltar og deler ut tilskotsmidlane, og det var eit einstemmig hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit som vedtok forslaget frå fylkesdirektøren.

Målet med ordninga er å bidra til eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv. 

Her kan du sjå heile sakskartet til møtet 19. november. 

Regional verdi

Dei tre millionane til kunst- og kulturutvikling skal ha ein regional verdi. 63 søkte på ordninga, og søknadssummen var på over 16 millionar kroner. Dei som fekk tilliten er: 

  • Marispelet ved Rjukanfossen, 250 000 kroner
  • Bø juniorspelemansslag, Landskappleiken 2028, 400 000 kroner
  • Jannicke AS, forestillinger: 150 000 kroner
  • Musikkforeningen Suoni, musikalen Baugeid: 80 000 kroner
  • Grenland friteater, Fredelige tider: 300 000 kroner
  • Greenlight, kunstfestival: 200 000 kroner
  • Ibsenhuset, Skien World: 220 000 kroner
  • Norsk industrarbeidermuseum, Verdensarvteateret: 500 000 kroner
  • Telemark museum og Teater Ibsen, ibsenformidling: 250 000 kroner
  • Skien kunstforening, Telemarksutstillingen: 100 000 kroner
  • Vest-Telemark museum, strikkeutstilling: 100 000 kroner
  • Sølvåren Ibsen formidlingssenter, filmprosjekt, 250 000 kroner
  • Seljord kunstforening, sommarutstillinga: 100 000 kroner
  • Bamble kommune, kystkultur og bygningsvern: 100 000 kroner

Her kan du sjå alle om søkte på ordninga for kunst og kulturutvikling

Korps, kor og kunst

Honorarstøtte er ein del av den regionale kulturfond-ordninga, og politikarane fordelte 200 000 kroner slik fylkesdirektøren tilrådde. Det var i alt 46 søkarar til ordninga, seks fekk tildeling. 

Dei som deler potten er: 

  • Lunde Blæsekompani, workshop: 18 000 kroner
  • Messingen, samspillseminar: 47 000 kroner
  • Bamble Brass, julekonsert og seminar: 15 000 kroner
  • Borgestad Sokn, koret Euphoria: 30 000 kroner
  • Vestsiden musikkorps, instruksjon: 40 000 kroner
  • Galleri Hi10, workshop: 50 000 kroner

Her kan du sjå lista over alle som søkte på honorarstøtte

Fordelte kulturarv-restmidlar

I førre møte hadde hovudutvalet tilskotsordninga formidling av kulturarv på agendaen. Det sto att nokre kroner, og politikarane fordelte desse midlane i møtet 19. november. 

Ski og skimakarforeininga, SKI, hadde søkt på fleirårig samarbeidsavtale, men sidan prosjektet passa betre inn i støtteordninga for formidling av kulturarv, vedtok politikarane å flytte søknaden, og bruke restmidlane på SKI. Dei fekk 60 000 kroner. 

Sauherad historielag fekk 10 000 kroner av restmidlane til å etablere minnesmerke over togulykka ved Hjuksebø i 150.

Den siste som får midlar av kulturarv-ordninga som utgår, er Meinstad Landhandel. Dei skal drive praktisk formidling av tradisjonshandverk og fekk 42 500 kroner.

Sjå saksutgreiinga om tildeling av restmidlar her