Reglane skal gjelde frå august 2026

Russ som står i en ring med ryggen til.
Forslag til nye skulereglar vil bli sendt ut på høyring og vil endeleg vedtakast av politikarane i juni 2026. Foto: Hanna Hekkelstrand

Av:

Hege Gulseth

Publisert:

27.10.2025

Oppdatert:

27.10.2025 kl.09:52

Forbodet mot klede som markerer russegrupper vil ikkje gjelde noverande avgangselevar.

Nyleg vart det kjent at politikarane i Telemark vil ha slutt på klede og effektar som signaliserer kva russegruppe elevar tilhøyrer. Hovudutvalet for utdanning, tannhelse og folkehelse vedtok eit forbod mot slike klede i skuletida og bestemde seg for å gjere dette til ein del av skulereglementet.  No er det klart at dette forbodet først vil gjelde frå 01.08.2026.

-Vi synest det er mest ryddig at reglane trer i kraft neste skuleår, seier fylkessjef for utdanning, Helge Galdal. 

Dermed kan dagens Vg3-elevar forhalde seg til noverande skulereglement, som ikkje seier noko om bruk av russeklede. 

-Samtidig vil vi presisere at vi skal jobbe med intensjonen bak vedtaket allereie no. Vi er opptekne av at alle elevar skal vere trygge på skulen og kjenne seg inkluderte i skulemiljøet. Bruk av russegruppe-klede er ein del av dette. 

Framtidige avgangselevar får no god tid til å førebu seg på dei nye reglane og dei får også høve til å seie si meining. Forslag til nye skulereglar vil bli sendt ut på høyring og vil endeleg vedtakast av politikarane i juni 2026.

For meir informasjon

Kontakt Helge Galdal, fylkessjef for utdanning, tannhelse og folkehelse

Mob: 975 42 688.