Kultur-ja til 31 samarbeidsavtaler

Tre damer sitter på en scene. Det er bokbad på Litteraturhuset i Skien.
STØTTE TIL LITTERATUR: Litteraturhuset i Skien fekk 3-årig avtale med Telemark fylkeskommune. Her blir forfattarane Guri Idsø Viken (f.v.) og Agnes Ravatn intervjua av Mona B. Riise. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

20.11.2025

Oppdatert:

20.11.2025 kl.19:34

31 av 69 kulturaktørar fekk positivt svar frå kulturpolitikarane på søknad om fleirårig samarbeidsavtale.

I alt kom det inn 69 søknader til dei fire kategoriane og dei kring 4,3 millionane som er sett av til ordninga fleirårige samarbeidsavtaler. Den totale søknadssummen var på 22 461 049 kroner. Fylkesdirektøren hadde føreslege 27 samarbeidspartnarar, men politikarane ynskte å omdirigere og justere noko, og plussa på fire aktørar. 

Politisk påverknad

– Administrasjonen har gjort eit godt arbeid, men så vil me politikarane ha politisk påverknad. Men det er viktig at me ser til retningslinjene før me gjer endringar, minte Hilde Alice Vågslid (Ap) utvalet om før dei gjorde endringane. Ho er leiar av hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit. 

– Eg rosar arbeidet som er gjort, men eg er her fordi eg er politikar, konstaterte Gunn Marit Helgesen (H). 

Nye ordningar

Ordninga om fleirårige samarbeidsavtaler 2026-2028 er ny dette året, og blei oppretta av hovudutvalet i samband med at Telemark fylkeskommune får ny strategi for kultur og reiseliv. Strategien har vore ut på høyring og kjem til politisk behandling på nyåret. I møtet torsdag 19. november blei det også oppretta fleire nye ordningar med nye retningslinjer. 

Her finn du dei søkbare tilskotsordningane innan kultur. 

Lise Klaveness, president i Norges Fotballforbund møtte kulturpoltikere.
IDRETTSDAG: Kulturpolitikarane fekk møte Lise Klaveness, president i Norges fotballforbund, i Skien fritidspark. Foto: Tom Marius L. Holen

Stort spenn 

Dei fleirårige samarbeidsavtalene (2026-2028) er retta mot fire ulike kategoriar på kulturfeltet, og breidda i søkarane er stor. Desse aktørane får ei treårig avtale med kommunen. 

1. Festivalar og heilårsarrangørar, 950 000 kroner 

Det er ni av 23 søkarar som får støtte i denne kategorien: 

  • Litteraturhuset i Skien: 200 000 kroner
  • Telemarksfestivalen: 200 000 kroner 
  • Villa Lunde: 100 000 kroner
  • Norsjø kammermusikkfest:100 000 kroner
  • Foreningen John G Scene: 100 000 kroner
  • På kanten - Den norske filosofifestivalen: 80 000 kroner
  • Bøker i Bø: 50 000 kroner
  • Evju bygdetun: 50 000 kroner
  • Folkemusikkscena i Rauland: 70 000 kroner

2. Frivillige organisasjonar, 2 millionar kroner

24 frivillige organisasjonar søkte om å få fleirårig avtale med fylkeskommunen. Fylkeskommunen inngår avtale med 11 av søkarane. 

  • Vestfold og Telemark kulturnettverk: 450 000 kroner
  • DNT Telemark: 350 000 kroner
  • Norges Musikkorps Forbund Sør: 300 000 kroner
  • Forum for natur og friluftsliv i Telemark: 210 000 kroner
  • Norges jeger- og fiskeforbund, avd. Telemark: 175 000 kroner
  • Norges korforbund Vestfold og Telemark: 100 000 kroner 
  • Skeivt historielag Telemark: 100 000 kroner 
  • Telemark husflidslag: 100 000 kroner
  • Vikinger i Vestfold og Telemark: 85 000 kroner
  • Ungfolk v/Telemark folkemusikklag: 80 000 kroner 
  • Der du bor: 50 000 kroner 

3. Kompetansesenter, 550 000 kroner 

Ti kompetansesenter søkte om å få fleirårig samarbeidsavtale, fire blir tildelt. 

  • Grenland friluftsråd: 250 000 kroner
  • Sørnorsk jazzsenter: 100 000 kroner 
  • Sørnorsk folkemusikksenter: 140 000 kroner 
  • Kulturlandskapssenteret i Telemark: 60 000 kroner

4. Proffesjonelle kunstnarar, kulturutøvarar og ensemble, 850 000 kroner.

Av dei ti søkarane i kategorien profesjonelle, var det 12 søkarar og sju blei tilgodesett av poltikarane. 

  • Scheen Jazzorkester: 250 000 kroner
  • Telemark messingensemble: 220 000 kroner 
  • Ibsen Skien International Theatre company: 100 000 kroner
  • Jannicke AS/Wow-kulturproduksjoner: 100 000 kroner
  • Sagliocco Ensemble 100 000 kroner
  • Glima v/Ragnhild Knudsen: 30 000 kroner 
  • Kjetil Flatland Musikk: 50 000 kroner  

Her kan du sjå retningslinjene for fleirårige samarbeidsavtaler.