5. august vart siste inntaket til dei vidaregåande skulane i Telemark fylkeskommune klart. 584 søkjarar har fått eit nytt tilbod i august.
Totalt er 6175 søknader til skulane i Telemark behandla etter fristen 1. mars. 5790 elevar har fått tilbod om skuleplass.
Alle søkjarar som har fått eit nytt tilbod, har fått beskjed om dette på SMS måndag 5. august.
Søkjarar som ikkje ønskjer plassen sin må gi beskjed om dette direkte til skulen innan 12. august.
Nøkkeltal
- 6175 søknader er behandla etter fristen 1. mars.
- 172 søkjarar takka nei til skuleplassen etter 1. inntaket.
- 5790 elevar har fått tilbod om skuleplass
- 77 søkjarar er tekne inn frå andre fylke.
- 94 %av søkjarane per 1. mars har fått tilbod om skuleplass.
- 89 % av søkjarane har fått innfridd sitt første ønske.
- 85 % av søkjarane på Vg1 nivå har fått innfridd sitt første ønske.
Skulestart er 19. august.