Sist vinter trefte tett på tjue snøskred fylkesveg 450 på Skafsåheia. Dei fleste av skreda landa akkurat der skredmurane no skal byggjast.
- Me er no godt i gang med å fylle opp i Kjønnesvikvatn ved både Voilen og Ullsteinane. Før murane kan byggjast må me flytte vegen ut i vatnet, forklarer prosjektleiar John Kleiv i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Sprengd halvveg
Førebels er ein stad mellom 30-35 000 kubikkmeter med fast fjell sprengt ut i Lauvåsen på Agder-sida av fylkesgrensa. Til saman er det berekna at 71 000 kubikkmeter skal vekk. Lasta over på lastebilar blir det i overkant av 110 000 kubikkmeter stein. Brorparten av dette blir lagt ut i Kjønnesvikvatn, slik at vegen kan flyttast ut.
På Voilen blir det bygd opp 600 meter ny veg, 800 meter ved Ullsteinane. Når vegen er lagt ut, kan bygginga av dei store skredmurane setjast opp.
6 500 kvadratmeter mur
- Murane blir til saman 6 500 kvadratmeter og i seks meters høgd. På toppen skal han vere 2,5 meter brei, seier kontrollingeniør og geomatiker André Abrahamsen.
Det er enorme krefter som blir slopne laus når snøen kjem i skred. Murane vil ha skrå vegger, slik at foten er opp til sju meter på det breiaste. Arbeidet 800 m.o.h skjer berre i sommarhalvåret, både på grunn av vêret og av omsyn til villreinen i området.
Fylkesvegen blir ganske ofte stengd vinterstid. Sjølvsagt når skreda har gått, men med ujamne mellomrom må overgangen mellom Dalen og Setesdal blir stengd på grunn av overhengande fare for ras. Tryggleiken blir mykje større når murane kjem på plass. Når skreda har gått, er det nødvendig å rydde plass til nye skred. Derfor blir det opparbeidd ein veg bak murane som snøfresen kan køyre på og kaste snøen vekk.
Ope i sommar
Arbeidet er omfattande. I Lauvåsen har entreprenøren måtte jobbe seg ned i trinn. På det høgaste måler skjeringa som blir laga rundt 40 meter. No i sommar vil vegen vere open heilt i vekene frå og med 28 til og med 31. Dei vil likevel kunne bli korte stopp i samband med sprengingar i Lauvåsen òg i desse vekene. Måndag 6. august er arbeidet i gang igjen med like opningstidspunkt som før ferien. Altså at biltrafikk blir sleppt gjennom mellom 07-08 på morgonen og mellom 16-17 på ettermiddagen i veka.
Utfyllinga i vatnet blir nøye overvakt med målarar som kontinuerleg sender informasjon om sikta i vatnet. Fleire hundre meter med siltgardiner er lagt ut i vatnet for å sørgje for at humus og andre partiklar ikkje forureinar vassdraget.
Mudring av botnen
- På det djupaste der me fyller ut er det 15-16 meter, fortel prosjekleier Kleiv. Steinen som blir lagd ut skal kvile på fast grunn. Derfor må det mudrast før lastebilane tømmer ut steinen. På det meste er det tre meter tjukt lag med mudder før me kjem ned til fjell. Her blir det vurdert alternative metodar. Ein av dei er røyrsprenging. Då skal det først stikkast ned metallrøyr i mudderet. Over der blir det tømt stein slik at det blir minst bygd tre meter opp. Før det kan sprengjast blir det fylt singel over sprengladning for å hindre at ladning går opp i lufta. Når då salva blir avfyrt, vil mudderet bli pressa ut på sidene medan steinlaget fell ned til fast grunn.