Den kulturelle skulesekken (DKS) presenterer eit nytt konsept der tradisjonshandverkarar får sjansen til å utvikle eit DKS-opplegg for grunnskule og vidaregåande skule. Utviklinga skal skje saman med andre handverkarar, og med rettleiarar frå ulike fagfelt og frå formidling.
Arbeidet skal foregå i det vi kallar DKS-lab, og den blir halden i veke 23 på Vest-Telemark Museum i Eidsborg i Tokke.
DKS-laben er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vest-Telemark Museum, Norges Husflidslag og Telemark fylkeskommune, finansiert av Sparebankstiftelsen DNB, Telemark fylkeskommune og Kulturtanken.
Utvikling i fellesskap
DKS-lab er ein møteplass og eit fellesskap der idear blir utvikla og erfaringar utveksla. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, eksperimentere, velje metodar, utvikle formidlinga, skildre prosjektet og kome langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon.
På laben er det med rettleiarar med brei erfaring frå kulturformidling for barn og unge. Dei skal gje tilbakemelding og konkrete råd til produksjonen du utviklar. I løpet av samlinga testar me ideane på elevar i aktuelle aldersgrupper.
Laben strekkjer seg over fem dagar. Den eine dagen blir altså sett av til test i skulen, resten av veka føregår i museets lokale.
Kven kan søkje?
- Du som driv med tradisjonshandverk
- Du som vil formidle tradisjonshandverk og skape engasjement gjennom eigen kunnskap og eigne erfaringar.
- Du som ser gleda ved å formidle eit handverk til ei ung målgruppe.
- Du som er open for tilbakemeldingar, innspel og justeringar frå rettleiarane og andre deltakarar
- Du som vil bidra aktivt med eigne innspel.
Les meir om Den kulturelle skulesekken her
Kva ser me etter?
Me ynskjer forslag frå eit breitt spekter av tradisjonshandverk, men me ser etter handverkarar som vil formidle eigen kunnskap og eigne erfaringar, og som har glede av å lære bort eit handverk til ei ung målgruppe.
I forslaget til formidlingsopplegg skal handverket og elevane spela hovudrolla.
Det er ein føresetnad at du søkjer med eit klart prosjekt, slik at du veit kva du vil teste ut på elevane.
Søknadsforslaga skal gje elevar ei kvalitetsrik handverksoppleving gjennom praktisk erfaring og læring. Eit DKS-opplegg skal tilføre elevane noko anna enn dei elles får i undervisinga, men skal også vere relevant og møte elevane på det nivået dei er.
DKS-opplegget skal vera flyttbart, slik at ein kan turnere på skular lokalt, regionalt eller nasjonalt.
Søk innan 1. mars
Som søkar pliktar du deg til å delta dei fem dagane laboratoriet går føre seg, 2.-6. juni 2025.
Aktuelle kandidatar blir kontakta, og før endeleg utveljing blir desse invitert til ei kort samtale (fysisk eller digitalt).
Send dette skjemaet til Astri Cathrine Bjørgum ved Vest-Telemark Museum: acb@vtm.no
Det er eit krav å leggje ved bilete, men legg gjerne ved filmsnutt/lenke til film også.
Kvar deltakar får eit utviklingsstipend på kr. 20.000 ved gjennomført DKS-lab. Alle deltakarar får dekt reise, overnatting og diett.
Har du spørsmål? Dei kan du sende til Astri Cathrine Bjørgum ved Vest-Telemark Museum på acb@vtm.no
Kva kan du bruke deltakinga på DKS-LAB-en til?
DKS-lab vil gje deg eit solid grunnlag for å lage ein ferdigstilt produksjon som kan søkast inn i DKS-portalen til Kulturtanken.
Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur for born og unge som ivaretek det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skulesekken (DKS). Via DKS-portalen kan produksjonen din bli aktuell for turné i fylke og kommunar i heile landet.
Ferdige produksjonar har innmeldingsfrist i DKS-portalen 1. oktober 2025.