Det er Nordisk fjellsikring som skal stå for at kleivane i Eidsborgberget blir tryggare. Det er heilt nødvendig at vegen er stengd medan arbeida går føre seg, både på grunn av tryggleiken til trafikantane og arbeidarane som skal gjera jobben.
Open om natta
- Vegen vil vera heilt open kvar veke frå torsdag ettermiddag 1430 til måndag morgon klokka 0830, fortel prosjektleiar John Kleiv i Telemark fylkeskommune.
Vegen vil vera stengd på dagtid frå måndag morgon klokka 0830 til torsdag klokka 1430. Den vil likevel vera open heile natta frå klokka 2000-0830. Når fylkesvegen blir stengd, blir omkøyringa om Åmot i Vinje. Det er langt, derfor blir arbeidet lagt opp slik at trafikken blir sleppt i mellom dagleg frå klokka 1430-1600.
Krevjande sikring
Arbeidet som skal gjerast i Eidsborgberget er omfattande, men det er likevel berre dei aller mest preserende strekningane som blir tekne i denne omgangen.
- Arbeidet er både rassikring og rehabilitering av murane som vegen er bygd opp av, forklarer prosjekteringsleiar Helene Noraberg.
Storleikane på murane varierer, den største er i «Villasvingen» kvar muren er berekna til 600 kvadratmeter. Sjølve fjellskjeringane vil bli reinska for lausmassar og sikra med fleire meter lange boltar. Det skal også monterast omfattande nett av ulik type for å sikra mot at stein og is fell ned i vegbanen.
Ope i sommarferie
Utfordringane med arbeidet er mange. Ein av dei er at vegen ligg i svært bratt terreng, ein annan er eit punkt der det er strokke høgspentlinjer med 300 kV over vegen. Alt arbeidet skal vera gjennomført innan 1. november. I heile perioden fram til arbeidet er slutta er det forbode for køyretøy over 13,5 meter å køyra strekninga.
Vegen vil vera open i sommarferien frå 5. juli 1430 og fram til måndag 5. august klokka 0830.
Måndag stengt 0830 -1430 og 1600-2000
Tysdag stengt 0830 – 1430 og 1600-2000
Onsdag stengt 0830-1430 og 1600-2000
Torsdag stengt 0830-1430
Ope frå torsdag 1430 til måndag morgon 0830