Tannhelse styrkjer kunnskapen for å avdekkja overgrep mot barn

To damer som står i en park og ser mot kamera
Fylkestannlege Live Lid Breiland og folkehelsekoordinator og tannpleier Agnes Haugan. Foto: Anne Lisbeth Odinsen

Av:

Anne Lisbeth Odinsen

Publisert:

04.04.2025

Oppdatert:

04.04.2025 kl.08:45

Me må våge å stå i det å levere ei bekymringsmelding som ikkje er anonym, seier fylkestannlege Live Lid Breiland.

Tannhelse er ein av få offentlege instansar som følgjer barn frå barnehagealder heilt til dei er vaksne. No styrkjer alle fylkeskommunane i landet kunnskapen til dei tilsette innan tannhelse for å avdekkja vald og overgrep mot barn.

Kursinga av dei tilsette er todelt, seier fylkestannlege Live Lid Breiland. Det eine handlar om å auka forståinga for at det skjer og å avdekkja vald og overgrep me ikkje veit om. Det andre er korleis me som teneste skal møte dei barna som har gått gjennom traume.

Lét vere å møta til tannlegetimar

Som ein del av kurset får alle sjå filmen «Alt det eg er». Filmen handlar om Emilie som vart utsett for seksuelle overgrep av stefar sin frå ho var seks til tolv år.

I filmen fortel Emilie om korleis det opplevdes å gå til tannlegen. Ho beskriv det slik i filmen

«Det triggar veldig å gå til tannlegen. Det er ikkje personen eller staden, men det at nokon skal putta ting i munnen min som eg ikkje kan putta inn sjølv. Eg reagerer ikkje før etterpå. Då knekk eg saman på badet.»

Emilies opplevingar hos tannlegen gjorde at ho til slutt lét vere å møta til timar på tannklinikken.

Dei vaksne forstod ikkje

I filmen fortel Emilie om fleire gonger ho prøvde å fortelja om overgrepa, men at vaksne ikkje forstod. Ein gong prøvde ho å fortelja om det i klassen når ein lærar hadde undervisning om graviditet. Emilie spurde då om ho kunne ha morgonkvalme, og at då læraren svarte at ein måtte vera gravid for å oppleva morgonkvalme, lo heile klassen av henne.

Image - 2025-04-04T083435.543.jpg

Læraren til Emilie har i ettertid sagt ho skulle ønskja ho hadde verktøya som skulle til for å forstå korleis barn som blir utsette for overgrep prøver å varsle, slik at ho hadde kunna hjelpa Emilie tidlegare.

- Nettopp derfor er denne kursinga så viktig, seier Breiland. Me må vita kva me skal sjå etter, slik at me kan agera på rett måte.

Kurset for å lettare avdekkja traume

Alle dei tilsette ved tannklinikkane i Telemark fylkeskommune er no kursa i kva teikn dei skal sjå etter for å avdekkja om barn er utsette for vald eller overgrep.

Image - 2025-04-04T083806.423.jpg

Saman med tannpleier Vårin Larsen og klinikkassistent Tone Aamlid Haugen har folkehelsekoordinator og tannpleier Agnes Haugan vore ansvarleg for kursinga i Telemark.

- Tannhelse har ein heilt unik posisjon når det gjeld oppfølging av barn over tid, seier Haugan. Det er få andre offentlege instansar som følgjer opp barn over så mange år som det me gjer. Det gjev oss også eit heilt spesielt ansvar for å merke oss endringar i barns åtferd.

Ho understrekar at møta med pasientane ofte er ganske korte, og at det derfor er endå viktigare å skriva gode journalnotat som også seier noko om veremåten til barnet, slik at ein lettare kan spore endringar.

Risiko for negative helseutfall som voksen

Samanheng mellom overgrep og vald i oppvekst og dårleg fysisk og psykisk helse i vaksen alder er godt dokumentert i forskinga. Dess fleire belastningar ein har i barndommen, desto større er risikoen for negative helseutfall som vaksen.

- Det understrekar berre kor viktig det er med tidleg intervensjon når det gjeld vald og overgrep, seier Breiland. For å gi utsette barn ein best mogleg sjanse er det viktig at me varslar så tidleg som mogleg om me har ein mistanke. Sett opp mot statistikken veit me at det generelt blir meldt for lite samanlikna med kor mange som blir utsette for overgrep, omsorgssvikt og liknande.

Fylkestannlegen seier at dei som jobbar i tannhelse ikkje kan vera anonyme om dei skal melda ei bekymring, og at derfor kan terskelen vera høgare, men at det ikkje kan stansa dei frå å melda om dei mistenkjer at noko er gale.

- Er me bekymra for ein av pasientane, så må me våge å stå i det å levere ei bekymringsmelding som ikkje er anonym. Nettopp derfor er denne bevisstgjeringa og opplæringa også så viktig. Slik at me veit kva me skal sjå etter, og korleis me skal gå fram, seier ho.

Eige tilbod for pasientar som har vore utsette for traume

I Telemark fylkeskommune er det eit eige tilbod for vaksne pasientar som har vore utsette for traume, eit TOO-team.

Du kan lesa meir om det tilbodet her:

Tannbehandlingsskrekk