Om det ikkje er kjende kulturminner hos deg
Du kan grave viss det ikkje finst automatisk freda kulturminne der du skal grave. Dette kan du sjekke i Kulturminnesøk Trykk på korset i starten av søkjefeltet så får du opp kartet der du bur.
Kontakt oss om du er i tvil eller treng hjelp. Det kostar deg ingenting.
Viss det dukkar opp noko som kan vera eit kulturminne sjølv om du har sjekka Kulturminnesøk, kontaktar du oss så raskt som mogleg. Det kostar deg ingenting, og me løyser saka omgåande.
Du må ha løyve om det er kjende kulturminner hjå deg
Viss kulturminnet ligg i vegen for planane dine, kan du anten gjera om på planane eller søkja om å få fjerna kulturminnet. Søknadsskjema finn du her.
Send søknaden til oss og ta gjerne kontakt slik at me kan hjelpa deg. Skulla du få avslag kan du klaga eller sjå om du finn ei anna løysing.
I nokre tilfelle kan det krevjast arkeologisk utgraving. Staten betaler viss tiltaket ditt blir rekna som eit mindre, privat tiltak.
Tiltaket er privat viss det:
- blir sett i gang og blir utført av eller på vegner av privatperson, private stiftingar og føretak og frivillige organisasjonar
- ikkje får og blir finansiert overveiiende av offentlege tilskot
Tiltaket er mindre viss det:
- blir gjennomført til privat bruk for éin eller nokre få brukarar
- berører éin eller nokre få tomter eller einingar
- ligg innanfor normal standard for den typen tiltak det gjeld
- tiltaket er ikkje mindre viss det er kommersielt.
Viss det innanfor avgrensa tid er gjennomført fleire tiltak på eigedommen eller med same formål, kan det verka inn på vurderinga av om det er eit mindre tiltak.