Utviklingsstipend for unge kulturutøvarar

Et fargeskrin viser mange farger og er et bilde på at mange ulike kan søke på et stipend.
Foto: Illustrasjon: Guilherme Belotti/Unsplash

Publisert:

24.11.2025

Oppdatert:

20.03.2026 kl.11:41

Utviklingsstipend for unge kulturutøvarar blir delt ut kvart år til tre unge kulturutøvarar. Stipendet er på 40 000 kroner.

Frå 2026 deler fylkeskommunen ut inntil tre stipend på 40 000 kroner til unge kulturutøvarar. Talent innan alle kunstartar kan søkje.

Stipenda skal bidra til å byggje Telemark som kulturfylke og gi inspirasjon og moglegheit til vidare satsing og personleg utvikling. 

Kven kan søke? 

Utøvarar innan alle kunstartar som er i aldersgruppa 18-23 år og er frå Telemark. 

Ein kan berre unntaksvis få dette stipendet meir enn éin gong.

Retningslinjer

Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit vedtok nye retningsliner 19. november 2025. Du finn dei her: 

Retningslinjer for utviklingsstipend for unge kulturutøvere.PDF

Søknadsskjema og søknadsfrist

Du må fylle ut vårt elektroniske søknadsskjema for å søkje.

Søknadsfristen for 2026 er 19. april.

Her finn du lenka til søknadsskjemaet