Mjølketann slått heilt ut
- Ikkje set mjølketanna inn i munnen din igjen, det kan gi skade på den nye tanna under.
- Ta kontakt med tannklinikken for oppfølging.
Permanent tann slått heilt ut
- Sett tanna tilbake på plassen sin i munnen så raskt som mogleg. Unngå å ta på rota.
- Er tanna skitten, skyller du den i nokre sekund under rennande vatn. Har du ikkje vatn tilgjengeleg kan du bruke ditt eige spytt til å gjere tanna rein.
- Dersom det ikkje er mogleg å sette tanna på plass, kan du legge tanna i munnen mellom kinnet og tennene, eller i vatn eller mjølk, til du er på tannklinikken.
- Ta kontakt med tannklinikken. Det er viktig at tannskaden blir fulgt opp.
Tann eller tenner er slått ut av stilling
- Ta kontakt med tannklinikken for hjelp.
Knekt delar av tannkrone
- Unngå kald og varm mat og drikke.
- Ta vare på større kronebitar (over 3 millimeter). Legg biten(ane) i vatn eller mjølk.
- Ta kontakt med tannklinikken.
Når skal du kontakte lege?
- Dersom det er jord i sår etter ulykke/uhell, ta kontakt med lege for vurdering av stivkrampesprøyte
- Dersom det er vanskeleg å bite saman etter ei ulykke/uhell, tar du kontakt med tannklinikken eller lege for undersøking av eventuelt kjevebrot.
Registrering av skade
- På grunn av forsikringar er det viktig at tannskadar som skjer i barnehagen eller på skulen blir registrert av personalet der.
- Ta også kontakt med den lokale tannklinikken din for oppfølging.