Regionalt planforum

Regionalt planforum er eit forum for kommunale og fylkeskommunale saker etter plan- og bygningslova.

Målet er å klarleggje og forsøke å samordne kommunale, regionale og statlege interesser, og såleis bidra til meir føreseielege planprosessar og forebygge motsegn.

Saka som blir meldt inn, bør vere på eit  stadium i planprosessen der faglege innspel har ei reel påverknad.  

Kommunane vurderer sjølv om dei har behov for å bestille planforum i ei sak, medan   fylkeskommunen har ansvar for å leggje til rette. 

Møtekalenderen

Regionalt planforum har fast møtedag annankvar onsdag i partalsveker. Ein kan velje mellom to tidspunkt på kvar dato: kl.  09.00-11.00 eller kl. 12:00-14:00. 

NB! Påmeldingsfristen for Regionalt planform 15. april er innen utgangen av fredag 20. mars. Dette skyldes fridagene i påsken. 

Kommunen kan kontakte oss på e-post eller telefon for å avtale dato og tid. Du finn møtekalenderen her: 

Møteplan våren 2026
Måned Dato Dato Dato Dato Dato
Januar   21.01       
Februar 04.02 - opptatt Vinterferie      
Mars 04.03 18.03      
April Påskeferie 15.04 29.04    
Mai 13.05 27.05      
Juni 10.06 24.06       

 

Møteplan høsten 2026
Måned Dato Dato Dato Dato Dato
Juli Ferie Ferie      
August Ferie 19.08      
September 02.09 16.09 30.09    
Oktober Høstferie Politisk møte 28.10    
November 11.11 25.11      
Desember 09.12 Juleferie    

Vi har ikkje sett av møtetid i vinterferien i uke 41, i ferievekene i juli, eller i haustferien i veke 8. Datoar som fell saman med høgtider går også ut.  

Fristar for å bestille planforum

Fristen for å melde opp ei sak er seinast 14 arbeidsdagar før møtedagen. Sekretæren for planforum må motta utfylt påmeldingsskjema på e-post innan da. 

Du finn påmeldingsskjemaet her: Påmeldingsskjema til Regionalt planforum 2026 (word)

Vi råder kommunen til å formulere tydelege problemstillingar i skjemaet. Da er det enklare for dei inviterte å førebu seg på rett fagnivå.

Saman med påmeldingsskjemaet må det også vere saksopplysningar som inviterte deltakarar treng for å møte forberedt.

Møteinvitasjonen til planforum

Sekretæren for Regionalt planforum sender ut invitasjon til offentlege myndigheiter på e-post, seinast 10 arbeidsdagar før eit planforum. Statsforvalteren for Vestfold og Telemark er fast deltakar i Regionalt planforum.

Dei offentlege organa blir kalla inn etter beste skjønn, og representantane må sjølv vurdere om det er ei relevant sak å delta i.

Kommunen har ansvar for å sende møteinnkallinga vidare internt og til dømes til utbyggjarar og konsulentar som kan delta.

Slik blir eit Regionalt planforum gjennomført

Møta blir i hovudsak gjennomført digitalt via Teams, men vi legg og til rette for fysisk deltaking på fylkeshuset i Skien eller fylkessenteret i Seljord. Ved høve kan vi gjennomføre planforum ein anna stad i Telemark. I invitasjonen vil det vere informasjon om møtestad.

Plankoordinatoren til fylkeskommunen leiar forumet og ynskjer deltakarane velkomne. Kommunen følgjer så på legg fram saka slik dei vil presentere og diskutere ho. Sekretæren for planforumet har ansvar for å skrive referatet.

Endeleg referat og andre saksopplysningar knytt til saka vil vere offentleg tilgjengeleg, ein månad etter eit gjennomført planforum.

Utdjupande informasjon om Regionalt planforum 

Vi har samla meir utdjupande informasjon om Regionalt planforum i eit eige notat som du kan lese her: Informasjon om Regionalt planforum

Om du har spørsmål er du velkomen til å kontakte oss på e-post eller telefon.

Publisert: 30.11.2020 Oppdatert: 30.03.2026 kl.14:12

Kristin Løkslid Berg
Sekretær for planforum
Hanne Birte Hulløen
Rådgiver - plankoordinator

Nasjonal planforumsveileder