Tida for at den gamle Vrengen bru skal bli erstatta, nærmar seg. No er forslaget til korleis den nye brua skal byggjast, ferdig. Alle dokumenta i denne saka finst her på sidan for nedlasting.
Innspel
I planforslaget blir det lagt opp til utbetring av fylkesvegen i om lag 360 meters lengd, i tillegg til å byggje heilt ny bru. Formålet med planarbeidet er å sikre areal til den nye brua og til å ubedre vegen slik at sikta blir betre og vegen blir utvida til 6,5 meter.
Alle som har innspel til forslaget må sende det skriftleg innan 29. juni no i 2026. Forslaget skal vere merkt med «Innspel til reguleringsplan for Fv. 450 Vrengen bru, sak 25/10713»
Interaktiv dialog i 3D
Innspel kan også gjevast interaktivt via verktøyet «Innbyggjardialog i 3D». Linken til verktøyet ligg på nettsida til Telemark fylkeskommune, https://telemarkfylke.no/vrengen Direkte innspel til planforslaget vil ikkje bli svart på, men alle innspel blir tekne med i vurderinga vidare.
Du kan lese meir om prosjektet på prosjektsida